Allergi, Grønt, Hvitt kjøtt: kylling og kalkun, Kjøtt, Mat, Sausar og dippar, Tilbehør, Vegansk, Veggis
Comment 1

Sunn vårsnacks – ferske vårrullar

No er butikkane fulle av friske, fine vårgrønsaker, og kva lagar vi då? Ferske vårrullar, sjølvsagt!

Ferske vårrullar er passe eksotisk, passe sunt og med deilig frisk, sprø smak. Du kan fylle det med det du har i huset, eller gå bananas i grønsaksbutikken, og finne masse spennande som kan puttast i rispapiret.

Utgangspunktet er nemleg asiatisk rispapir. Det er ein enkel deig av rismjøl og vatn, som er tørka til stive flak. Dei skal fort fuktast, og så er dei klare til å bli fylt med gode greier. Dei klassiske vårrullane er friterte, men desse skal spisast usteikte, med tynt snitta fine grønsaker inni.

Det som verkeleg løftar dei ferske vårrullane er sausen du dyppar dei i. Eg har laga to ulike, ein som er basert på søt chilisaus, og ein som er basert på hoisinsaus. Enkle greier, altså, men du må ein tur i den eksotiske hylla i butikken, eller innom din næraste eksotiske matbutikk. Der finn du eit enormt utval av sausar, dippar og krydder, og ikkje minst fersk koriander, som er heilt vesentleg for å få til den rette smaken på vårrullane.

Skal du ha gjestar, så kan du gjere ”preppinga”, altså klargjeringa av alle grønsakene og anna fyll, på førehand. Så kan gjestane få vere med å rulle sine eigne vårrullar. Då går det veldig fort, og folk kan putte i det dei vil ha.

Vårrullfyllet kan varierast nesten i det uendelege. Det viktigaste er at alt blir snitta fint, slik at dei blir lette å bite over. Eg brukar ofte eit julienne-jern, iallfall til rotgrønsakene, som gulrot, nepe, reddik og persillerot.  Vil du gjere måltidet meir mettande, så server vårrullane med kokt ris i tillegg til sausane. Du kan også bløyte glasnudlar og ha i. Utan reker, kylling og biff er desse vårrullane og sausane både vegetariske og veganske.

_MG_4049Ferske vårrullar

Tre-fire ark rispapir per person

To gulrøtter

Spinat

Ein raud paprika

Tre vårløkar

Fire-fem asparges

Ein mango

Ei nepe

Ein bunt fersk koriander

250 g reker, finhakka

250 g kylling, steikt og finhakka

Strimle alle grønsakene, og legg dei klare. Fyll ei låg, vid form med høge kantar med kaldt vatn. Eg brukar ei paiform. Legg eit ark rispapir i vatnet, og la det ligge der i ca. 15 sekund. Det skal ikkje vere mjukt når du tek det opp av forma. La det dryppe av litt, og legg det på ei fukta trefjøl.

Legg det fyllet du vil ha på rispapiret frå toppen og i ein strimmel til litt nedanfor midten av rispapiret. Ikkje bli frista til å fylle i for mykje, då blir rullen tjukk og uhandterleg. Jobb raskt, og løsne papiret nederst, nærmast deg. Brett det opp over fyllet, og rull rullen saman før du legg den på eit lett fukta porselensfat. Gå vidare med eit nytt ark, og hald på til du har fylt alle rullane. Server med hoisin-dipp eller søt chilidipp.

Hoisin-dipp

1,5 dl hoisin-saus

1 ss peanøttsmør

1-2 ts sesamolje (kan sløyfast viss du ikkje har det)

2-3 ss soyasaus

2 ss hakka peanøtter til pynt

Ha alt unntatt dei hakka peanøttene i ei skål, og rør det saman. Ha dippen i ei skål, og dryss på hakka peanøtter.

Søt chili-dipp

1 dl søt chilisaus

2 ss lys soyasaus

2 ss limesaft

3 ss hakka koriander

Rør alt saman, og ha i ei skål.

Her er ei liste over forslag til ting du kan ha i vårrullane:

_MG_4047Vårløk

Purre

Nykål

Asparges

Spirar av ulike slag

Paprika

Mango

Gulrot

Persillerot

Fersk koriander

Papaya

Spinat

Reddik

Nepe

Sukkererter

Fenikkel

Glasnudlar

Reker

Kyllingkjøt, ferdig steikt og rensa

Biffkjøtt, ferdig steikt medium/rått i strimlar

 

1 Comment

  1. Pingback: Coronamat -Variantar av ribbe | Alt godt

Leave a Reply