Sprø laks
Fersk laks er noko av det enklaste å lage gode kvardagsmiddagar av. Og når det i tillegg er sunt er det berre å gå i gang. I dag har eg steikt laksen sprø i smør, og så har eg laga ein asiatiskinspirert saus til. Viss du er i søraust-Asia vil du få denne typen saus servert til nudlar, men eg hadde spagetti i skapet, så her vart det ein pastarett. Har du nudlar kan du sjølvsagt bruke det. Når du lagar til laks på denne måten er det berre ein ting du må huske på: Bruk høg varme, og steik den fort. Den skal få farge, men den skal ikkje bli tørrsteikt. Så feittet må vere ordentleg varmt når du har fisketerningane i, rist på panna så alle sidene av laksen vert steikt, og ta opp bitane etter kvart. Eg veit ikkje korleis det er heime hos deg, men hos meg et ungane mykje meir grønsaker når dei er blanda i retten, og det heile er vendt i ein god saus. Serverer eg grønsakene ved sidan …
