Har du lyst på ei mamma?
Her får du ei heilt gratis!
Her får du ei heilt gratis!
Tihi…
Jeg har så mye spring i beina, sa datra mi då ho var liten og rastlaus, og sprang rundt som ein jojo. Her ser du også nokre som har spring i beina:
Opphav: xkcd.com
Denne veka kan du oppleve Fredrik Steen sitt show Gi labb igjen! Pass på, det går tre dagar på Latter, torsdag, fredag og laurdag. Anbefalast!
Er du klar for ein god latter? Vi var på Fredrik Steen sitt standupshow Gi labb i går, og det var ein strålande måte å tilbringe ein fredagskveld på. Vi lo så vi er støle langt bak øyrene. Så eg vil anbefale deg å sjå denne forestillinga. Ta med vennar og kjente, og få ein lattermild kveld. Showet går i kveld, og i tillegg 5., 6. og 7. mai.
Som eg har skrive om her tidlegare, så var vi nordafor i helga. Nordlendingane er kjende for ein røff og direkte humor, og det fekk vi mange døme på i løpet av turen vår. Vi vaks opp med Oluf, lese høgt av hikstande foreldre. Ja, dei las Aukrust og Eskeland og, for ikkje å snakke om desse som tulla med politikarane på syttitalet, huskar ikkje kva dei heitte. Men Oluf står i ei særstilling. Sommaren 1980 slo mor mi ut håret, og investerte i Postens sommerkassett som underhaldning på den nesten 1500 kilometer lange køyreturen til Målselv. “Skal du sett i sommar, så sett i Alta” er framleis gangbar familiehumor i vår familie. Difor tenkte eg at det ville vere passande å dele denne med deg. Kos deg!
Ja, eg veit det er lite mat her for tida, det er ikkje fordi eg ikkje lagar mat, for det gjer eg. Problemet er at kameraet mitt er på Oslo Fashion week. Ikkje saman med meg, vel å merke. Så i mellomtida får eg finne på andre ting til deg. Sjekk ut denne. Der finst ting som menn aldri har lært om kvinner, og der finst ting som kvinner aldri har lært om menn. Amanda Gore lærer oss det. Enjoy!
Ein må berre ha eit ope sinn, meiner han visst.
Denne er berre så bra. Henta frå Russells Teapot, som eg ikkje lenger finn. God fredag!
Har du for lite å fylle tida med? Og er glad i søtsaker? Då må du bestille dette søte settet for å bygge sushi med godterismak. Som ei slags visuell tilvenning til sushi, kanskje? Settet får du kjøpt her.
Sjekk ut denne. Snakk om å vere open for det meste.
Er du og bekymra for Finland?
Eg likar å sjå på folk som dansar. Eg likar å danse sjølv og, men å sjå på andre er like gøy. Det finaste med det er å sjå dei som ikkje er så sjølvbevisste, som ikkje tenker på korleis dei ser ut når dei dansar, men som berre er inni musikken og nyt det. Desse to fyrane er søte, han i raud t-skjorte er berre full av energi. Overvinn russekjensla (musikken) og sjå ekte danseglede.
Dei som kjenner meg veit at eg er glad i Apple-produkt. Eg eig to macar, eg skreiv på min første i 1988 og har stort sett halde meg til dei tinga Apple har levert etter det. Men er Apple alltid Apple? Sjekk ut denne videoen.
Denne vaktmesteren har ein morsom dag på jobben. Enjoy!
Nokre veneførespurnader på Facebook er enklare enn andre. Gamle, kjære vener som eg har mist kontakta med utan grunn er det berre kjekt å høyre frå. Til relativt nyleg har Face vore ei frisone. Men no har foreldregenerasjonen vår byrja å kome på Facebook, og då må ein vurdere nøye. Kva gjer ein? Her er eit flytskjema som du kan bruke for å ta stilling til om du skal legge til dine foreldre eller ikkje. Treffande, spør du meg. (Og syns du skrifta er for lita så er du ikkje i målgruppa. Då risikerer du derimot å bli ditcha kva tid som helst.)
Det er berre å gjere det, veit du. Få med deg gjengen og rist på rumpa.
Her har du den moderne versjonen.
No luktar det fantastisk av fåreribbe i huset, rabbene (kålrabi på sunnmørsk) kokar og det er ikkje så lenge til vi skal sette oss til bords. Eg ynskjer alle mine lesarar ei god jul, ta vare på dine og tell til ti når gamleonkel seier dumme ting, slik at verdskrigen bryt ut ein annan gong enn rundt julebordet. Har du bestilt julenisse vonar eg han er betre til beins enn han her.
Freden har senka seg. No står karamellpuddingen i omnen, fåreribba ligg i vatn og vi er på veg til eit seint førjulsselskap. Viss du gjekk glipp av grevinna og hovmesteren så finn du den her, så kan du sjå den når du vil. Fredeleg jul!
Nei, sjølvsagt gjer du ikkje det. Denne dagen er det ingen over 20 som kjedar seg. Dei som er under 20 held på å døy av keisemd, viss dei ikkje vert piska rundt av foreldra sine. Men uansett; skulle du ha ei stille stund for deg sjølv, så sjekk ut dette. Kule damer brukar nynorsk. Berre så du veit det.
No treng vi å muntre oss opp litt her, eg er ikkje vaksnare enn at eg ler fniser av dette:
Kva er du? Sjekk det ut her.