All posts filed under: Humor

Når blir du dumpa?

Nokre samvitsfulle forskarar har undersøkt når forhold vert avslutta på Facebook. Dei har gjennomgått 10 000 profilar, og det viser seg å vere heilt klare mønster i når forhold vert avslutta. Rundt «spring break», ein undervisningspause på amerikanske universitet og college er sjansane store for at kjæresten dumpar deg. Dette er ei periode med mykje festing, og ein kan kanskje kome i stor freisting sjølv om ein har ein kjæreste? Den andre høgrisikosona er rett før jul. Her kan det vere nærliggande å tenke at ein vil spare utgiftene til julegåve i eit forhold som har kolna. Første juledag derimot, blir ingen ditcha. Utover dette er mandagar risikodagar, som du ser. Sommarferien er også ein vanskeleg periode. Moralen er: Ver grei før jul, i sommarferien og utpå vårparten, så er sjansane større for at du får behalde kjæresten.

Interiør meg her…

og interiør meg der… Det er fullt av fancy interiørbloggar, og det er vanskeleg å finne fram blant dei. Kva skal ein bruke tid på? Eg har iallfall eit forslag: Kåfjordolga!

Koffert? Bestikk? Ja takk, begge delar!

Satsar du på ei karriere som stjerne i næringslivet? Og manglar tilbehøret? Her har du løysinga. Og du får eit bestikksett til 12 på kjøpet. For ein deal!

Underleg…

Av og til får Facebook si automatiske samankopling av ting som eigentleg ikkje heng saman underlege utslag. Sjekk ut denne:

På kurs

Eg skal på kurs eller seminar eller kva dei no kallar det med jobben i dag. Dersom eg skulle miste jobben, eller finne ut at der ikkje er levande så tenker eg at eg kunne byrje å halde denne typen kurs. Kva trur du? Ville ikkje det bli suksess?  

Finn? Kva for ein finn?

Enkelte Finn-annonser er morsommare enn andre. Sjekk ut denne. Den handlar om pinnar, eg seier ikkje meir.

Skikkeleg ille…

Men av og til er ting så ille at det blir morsomt. Sjekk ut denne:

Er enden nær?

Det kan sjå slik ut.

Gjenoppta Treholt-saka?

Det kan by på visse tekniske utfordringar…

Nerdegreier

Er ikkje denne litt festleg?  Den ser litt skummel ut, ikkje sant? Slikt lagar datanerdar når dei kjedar seg. Legg merke til nyheitsrullen til høgre, eg lovar masse kudos til den som ser kva det er.

Litt laurdagshumor

Eg måtte berre dele denne, sjølv om den byrjar å dra på åra så ler eg like mykje kvar gong…

Kva skal ein med fiendar…

…når ein har slike kollegaer? Vår økonomiansvarlege sit innerst i gangen, og finn stadig på rampestrekar av ulik art. Denne gongen vart han offeret. Eit defekt tastatur dukka opp, det fekk dytta bomull ned mellom tastane, og den vart samvitsfullt fukta. Torsdag kveld vart karsefrøa sådd i den våte bomulla, så når han kom på jobb tirsdag morgon var karsen allereie klar til å bli hausta. Han har framleis ikkje funne ut kven syndaren er, og eg seier berre: I know nothing, I’m from Barcelona…

Det glade sekstitalet

NRK feira femtiårsjubileet for opninga av fjernsynet i Norge i går. Det gjekk ein morsom dokumentar i natt med engelske rockeband frå sekstitalet. Der fann eg denne gjengen her, Freddie and the Dreamers. Eg postar den her som eit døme på heilt håplaus koreografi. Kven var det som sa at alle band måtte danse? Eg berre spyr.

Priceless…

Sjekk ut denne Finn-annonsa. Heilt fantastisk. Opphørssalg i ein tapetbutikk? Blomstereksplosjonar? Eg har aldri sett noko liknande, har du?

Snart, snart

kjem det noko mat her. Og kanskje noko hage og. Det må berre slutte å regne først. No går eg ut i den våte Oslo-verda, og i mellomtida kan du kose deg med denne:

Språkforvirring?

No er det vel ikkje så ofte nordmenn les danske aviser, men les du denne vil du få deg ein god latter. Enjoy.

Kronprinshumor

No er det mykje tøys og tull og filmar og slikt her inne, ber over med meg, eg skal snart bli seriøs igjen. Men dokke må berre sjå denne. Kva er det som skjer rundt 0:34? Der ved den -eh- fontena?

Hjärtat

Er det berre eg som syns det er litt snodig når ho som ekspederer meg i undertøysbutikken seier: «Hur går det med dej, hjärtat» når eg står i prøverommet? Eg har aldri møtt henne før. (Når den vennlege svenske dama skulle inn til ho i naboprøverommet sa ho: «Nu kommer jag inn till dej, damen.» «Hjärtat» var kanskje betre.) (Og det vart veldig fint (og dyrt) undertøy.)

Halvt nordlending

Eg har fortalt at eg er det, ikkje sant? Her ei natt fann eg denne, og måtte berre dele den med dokke: Du veit du e nordlending når: Du har meir vinterklea enn sommerklea Du syns engangsgrill e en tullat greie å lage mat på når du i stedet kan tenne opp bål Du kalle orkan førr middels klestørk Du veit det e 10 grader i lufta ute, og innser at dem sørpå har 20… I havet Du veit at Svalbard ikke ligg rett på yttersida av Kvaløya for det om det ser sånn ut på værkartet Du kan uttale fesk ordentlig ( ikke fæsk..) Søringan automatisk går ut fra at du forstår samesendinga… og fulle østlendinga snakke engelsk tel deg fordi dem nekte å tru at dialekten kan være norsk Du treff en norlenning i utlandet og oppføre dokk som om dokk har kjent kverander hele livet Når leggan dine e like kefir-blå etter sommarferien..og solkremen blir solgt for halv pris i Juni Du må bruke laaang tid på å forklare ongan dine det …

Søndagshumor

Du huskar hestefilmen? Her er meir herredufthumor, denne gongen av bartetypen. Men det er framleis Old Spice som er objektet.

Jordbærsesong…

Fniis… (Foto: per_helge på underskog)