Nokre samvitsfulle forskarar har undersøkt når forhold vert avslutta på Facebook. Dei har gjennomgått 10 000 profilar, og det viser seg å vere heilt klare mønster i når forhold vert avslutta.
Rundt “spring break”, ein undervisningspause på amerikanske universitet og college er sjansane store for at kjæresten dumpar deg. Dette er ei periode med mykje festing, og ein kan kanskje kome i stor freisting sjølv om ein har ein kjæreste?
Den andre høgrisikosona er rett før jul. Her kan det vere nærliggande å tenke at ein vil spare utgiftene til julegåve i eit forhold som har kolna. Første juledag derimot, blir ingen ditcha.
Utover dette er mandagar risikodagar, som du ser. Sommarferien er også ein vanskeleg periode. Moralen er: Ver grei før jul, i sommarferien og utpå vårparten, så er sjansane større for at du får behalde kjæresten.
Stand by your man…! 😀