Back in town
– og kva møter meg? Eit jobbtilbod. Eg sa nei, men kanskje du fyller krava?
– og kva møter meg? Eit jobbtilbod. Eg sa nei, men kanskje du fyller krava?
Eg har lagd nokre bryllupskaker dei siste femogtjue åra, i sommar blir det berre ei. Men denne overgår eg ikkje, iallfall ikkje når det gjeld teknikken. Sjekk den ut!
Eg har hatt ein nettprofil på ei datingside ein periode, og her om dagen var eg innom for å slette den. I innboksen fann eg denne, som eg tenkte dokke ville ha glede av å lese. Korleis kan ein seie nei til slikt? Hei min kjære, faktisk jeg virkelig liker og beundrer deg mye. Du ser veldig dynamisk i din ser ut, også jeg beundrer deg profil veldig godt. Jeg er prins Evans Abizal, har vært her bare for i dag og leter etter en partner for livet. Jeg har vært enkemann for lenge nå siden min kone døde i en flyulykke. Jeg jobber og tjene som en høvding sikkerhet agent for den amerikanske hæren og nå er det tid for jeg komme inn i et seriøst forhold. Jeg vil gjerne vite deg de beste og komme inn i en alvorlig ledende forhold med deg. Vi kan komme ut av her sammen. Takk og håper å høre fra deg så snart min kjære. Nedenfor er min mail ID, jeg håper du legger meg for en prat i postkassen. zz.yy@ …
og oljesøl er ikkje det same, men kan likne veldig. Enjoy.
-men jeg er snill, er elleveåringen min sitt motto. Det har det vore sidan han var tre. Han hadde akkurat kome i hus etter ei veke hos pappaen sin. Eg skulle lage frukost til oss, og ville ha paprika på osten. lengst bak i kjøleskapet låg det ein paprika, og eg tenkte skeptisk at den er sikkert øydelagd. Men den gang ei, den var fast og fin. Men då eg tok den ut kjente eg at det skvalpa i den, og den hadde ei firkanta opning på toppen. Når ein har budd saman med folk nokre år så kjenner ein dei godt, og får fort mistanke om kven det er som har vore kreativ. Så eg spurte den unge helten om han kjente til dette. «Ja, den var litt slapp, så jeg putta vann i den», fortalte han. «Forrige veke?» spurte eg. «Ja, det er nok ei uke sia. Har den holdt seg?» spurte han. Det kunne eg bekrefte. Snittet på langs er det eg som har kutta for å sjekke at den var OK …
Ja, eg veit at eg stadig vekk seier at du må sjå det eine eller det andre, og her er ein til slik ting. Eit seriøst forskningsprosjekt, må vite.
då Ole Paus ikkje var komponistpappa som hadde skrive Innerst i sjelen, og som reiste rundt på kirkekonsertar; då skreiv han mellom anna denne. Det finst ei skattekiste full av sarkastiske, rabulistiske og surrealistiske sangar som Ole Paus skreiv og framførte på syttitalet og tidleg åttital. Eg har mange gongar gjort suksess (trur eg) på fest med å framføre En myk manns sang, den sjokkerer faktisk framleis vaksne folk. Men i dag er det Carl I. Hagen som får gjennomgå. Tenk om han var homse? Tenk om han var litt pink, litt kosete og bløt?
Det finst ingen utdrag, fordi innlegget er verna.
Tre fjortisar har akkurat komt heim frå skumparty, og går rett på loftet. Tekstmelding frå fjortis til mamma: Si nei. Mamma: ??? Fjortis ropar ned frå loftet: Er det greit at vi stikker på McDonalds og spiser? Mamma: Nei, kvifor skal dokke det, det er jo mat her, og eg har varma den til dokke. Fjortis: OK! Tre fjortisar buldrar ned frå loftet og et digre porsjonar med sommarskinke med poteter, brokkoli og grasløksaus. Er dei ikkje søte?
Eg veit ikkje kor langt dei kom i Britain’s got talent, men uansett: Dette er strålande!
og det vil eg berre ha sagt: Ingen av desse vart servert i konfirmasjonen. 😮
-Og støtt Island…
Han skulle ikkje ha mast lenge, men på slutten må eg berre le…
Dette er den første lydfila som eg fekk tilsendt etter at eg fekk lydkort i datamaskinen min på jobb. Urinternett, altså. Alt krasja, sjølvsagt. Men til slutt fekk eg lasta den ned. Sjeldan har eg ledd så godt, og har du relasjonar til Nord-Norge på ein eller annan måte, for eksempel slekt der eller langvarige ferieopphald, så blir det endå artigare. Enjoy.
Tidene har endra seg, eg hadde svangerskapspermisjon før internett (nesten), før mobiltelefonar og før kaffebarane. Det var slitsomt, vi gjekk og gjekk, og vi gjekk og gjekk. Slik er det no:
Alt kan ikkje vere berre trist og leitt sjølv om det er tøffe tider akkurat no. Eg frydar meg over helga, og over denne reklamen. Legg spesielt merke til den som ikkje har namn… Eg ynskjer alle som stikk innom ein fredeleg kveld og ei avslappande helg!
Dag Frøland døde i dag, 64 år gamal. I mitt tidlegare liv hadde eg ein jobb som gjorde at det å omgås kjendisar vart relativt vanleg, og dermed naturleg for meg. Men to gongar møtte eg Dag Frøland, og begge gongane vart eg stum som ein østers. Er det full av age ein kallar det? Her er eit av hans toppnummer, Jakkåbsen som er så glad i røvvin.
Dette var jo litt søtt då, ein journalist frå BBC som er i Norge for å lære om snøhandtering! 😆
Dei raudvinspimpande journalistane med fransk mellomfag som arbeider med kulturnytt i NRK vart rett før jul overført til NYDI, altså saman med resten av nyheitsredaksjonen i NRK, under leiing av John Gelius (så lenge det varer). Som indremedisin lagde dei denne videoen. Moro på jobben! Eit lite skal-vi-danse-kurs kunne kanskje vere neste indremedisinske tiltak? God helg!
Vi nordmenn syns det er fantastisk morsomt når utlendingar meiner noko om oss. Eg fann denne bloggen her om dagen, som er skriven av Nicole, som er frå USA og bur i Molde som utvekslingsstudent med AFS. Ho har laga ei festleg liste over når ein veit ein er norsk. Her er den: -you start believe that if it wasn’t for Norway’s efforts the world would collapse. -you only buy your own drink at the bar even when you are with a group of people. -you can’t remember when to say «please» and «excuse me». -you always prepare to catch the closing door if following closely behind somebody. -a stranger on the street smiles at you, you assume that: a) he is drunk b) insane c) American d) all of the above -silence is fun. -you use «Mmmm» as conversation filler. -you actually believe that there is no such thing as bad weather, only bad clothing. -you know Norway’s results in the last three years in the «Melodi Grand Prix» song contest (Eurovision Song Contest). …
Hello Kitty påverkar livet til mange jenter og damer, og dermed så får det også ein effekt på dei som er glade i desse damene og jentene. Denne nettsida presenterer dei kjenslemessige påkjenningane desse mennene meir eller mindre frivillig på tole. Eg syns han nederst er morsomast, der han står i Hello Kitty-pysjen sin med eit fast grep om utstyret…
Som eg har fortalt før, så finn eg mykje rart rundt omkring på dette internettet. Sjekk ut desse identitetskorta. Søte, ikkje sant? Spesielt han som tok med kjæresten sin. Og så har vi herr Fett, som er dobbelt så morsom på norsk som på andre språk. Enjoy!