Nattsurfing
Ein finn dei raraste ting… Kan nokon fortelje meg kva den kaka til venstre har i ein barnebursdag å gjere?
Ein finn dei raraste ting… Kan nokon fortelje meg kva den kaka til venstre har i ein barnebursdag å gjere?
-Kven var det som kom på å sende han for å hente meir øl?
I USA er det å gjete sine eigne ungar ei æressak, gjerne til dei er langt oppi tenåra. Dei er av det engstelege slaget der borte, i nokre område med god grunn. Det fører med seg oppslag i ballrom og leikeområde av denne typen: http://www.passiveaggressivenotes.com/2009/09/13/unattended-children-will-be-shot/
Denne mannen meiner at han har ei stemme som rekk over fem oktavar. Sjekk om du syns det stemmer.
…då er det berre ein ting å gjere: slutt å oppføre deg som ein…
Eg ristar på hovudet som Karius og Baktus, etter å ha vore igjennom sikkerheitskontrollane både på Gardermoen og Charles de Gaulle dei siste dagane. Korleis skal dei gå fram når dei skal byrje å leite etter desse bombene? På kvar enkelt passasjer? Eg berre spør, på vegne av vanvittig mange. Som alltid.
– eller tankelaus sløsing med kontorrekvisita – eller begge delar?
Eg hamna opp i ein stor diskusjon her for ei tid sidan med nokre amerikanarar eg kjenner på nett om å lagre mat. For konservative kristne i USA er det å lagre mat eit teikn på at dei tek bibelens ord om endetida på alvor. For oss vanlege nordmenn som er vande med at alt ordnar seg, så er dette ganske fjernt. Det er altså hushald i USA som har lagra tørrmat og vatn for å klare seg utan forsyningar i fleire år. Dei eg diskuterte med meinte eg var heilt uansvarleg, som ikkje hadde mat- og vasslager heime. Better safe than sorry, var deira slagord. Eg lurer på kvar dei tenker eg skulle hatt dette lageret. Denne karen her er meir til å le av, spør du meg, med sine bøtter med kveite som han kan bruke som vekter, spire til c-vitaminberande spirar og til å så. Om han har kvern heime, slik at han faktisk kan få bakt brød av det er uklart. Gjær, har han tenkt på det?? Heldigvis er han ikkje …
Her held vi på i årevis, og prøver å lære mennene i våre liv at sokkar i sandalane er ein dårleg idé. Er det så kaldt at du må ha sokkar, så må du droppe sandalane. Er du bleik så blir du ikkje mindre bleik av å ha tærne inni sokkane. Har du så stygge tær at du er flau over dei, så få deg ein pedikyr. Det er ikkje meir komplisert enn som så. Men så er det ei kreativ sjel som kjem opp med denne geniale idéen, der du kan kombinere fenomena. Sokk og sandal i ein og same konstruksjon. Alle argument fell til jorda, bortsett frå dette: Du må ha pedikyr med desse og. Så det så.
Når du skal ut på den raude løparen, og stylisten din seier at du har litt mørke ringar under augene, så han må legge på litt ekstra lyst der, ikkje høyr på han. Det ser berre rart ut, tru meg.
Eg omgås nokre amerikanske parfymedamer virtuelt, og dei interesserer seg for mykje anna enn parfyme. Og sidan eg og gjer det, så passar vi ganske godt saman. Det siste gullkornet eg fekk frå dei var denne lenka. Enjoy.
Kanskje eit nytt hobbyprosjekt ville vere tingen? Her er mitt tips: Tamponghandarbeid. Har du kome i overgangsalderen er det no ikkje tvil om korleis du skal få brukt opp tampongane du har til overs. Sjekk særleg ut øyredobbbane nede til høgre. Som dei seier på nynorsk: hillarious… http://www.tamponcrafts.com/
Eg klarer ikkje å slutte, her kjem ei utfyllingsoppgåve til. Hadde du Kva las du no på skulen? For meg er dette ei morsom vidareføring av nyskapande språkpedagogikk. Heng deg på: Fire jobbar du har hatt: 1. Støttekontakt 2. Krystallselgedame 3. Generalsekretær 4. Shoppingekspert Fire filmar du ser igjen og igjen: 1. The Breakfast Club 2. Children of a lesser god 3. Notting Hill 4. When Harry met Sally Fire stader du har budd: 1. Sunnmøre 2. Frogner 3. Kringsjå studentby 4. Lindern Fire tv-show du ser igjen og igjen: 1. Frustrerte fruer 2. Sex&the city 3. CSI 4. David Letterman show Fire stader du har vore på ferie: 1. New York 2. Paris 3. Kairo 4. Kathmandu Fire websider du sjekker daglig: 1. http://www.hagegal.no 2. www.perfumeof life.com 3. Glambibliotekaren 4. www.dagbladet.no Fire favoritt-retter: 1. Gravlaks med dillstua poteter 2. Lasagne 3. Gratinerte nachos 4. Fåreribbe Fire stader du heller ville vore no: 1. København 2. New York 3. London 4. Paris
Unngå å skrive det i statusfeltet på Facebook, spesielt når du har lagt til sjefen din som venn. Kor dum er det mogeleg å bli?
Her er neste generasjon illegale innvandrarar til USA, og dei tek over:
Vi slit med skitneklede, rydding i toalettsaker og utpakking av diverse kosmetikk. Men det er jo ikkje så spennande, bortsett frå eitt par eg veit om som sikkert gjerne skulle ha vore her. For dokke andre, kanskje særleg dei som har tenåringar i huset: Når du lurer på kva som har skjedd når du kjem heim frå jobb, kjøkkenet ser ikkje ut og tenåringen framleis går rundt i pysjebuksa, no veit eg det, og her har du beviset:
Eg rasar rundt på dette internettet, og finn det eine og det andre som eg syns er artig, rart, rørande eller lattervekkande. Så tenker eg at det finn eg att, men så gjer eg ikkje det. For all den tid sidan fann eg ein blogg med kaker som var lagd til eit bestemt høve, der kakedekoratøren hadde bomma, lagd noko heilt usmakeleg eller skrive noko heilt idiotisk. Desse kakene gjev verkeleg uttrykket «bad taste» eit heilt nytt innhald. Eg kunne ikkje med min beste vilje finne den att, men brått her ein dag kom eg over den. Her er den: http://cakewrecks.blogspot.com/ No postar eg den her, slik at eg huskar det, og slik at dokke og kan få dokke ein god latter. Sjekk ut denne, til dømes, eller denne her. Hysterisk!
Her har internett (og tv-en og telefonen, men det er ikkje så viktig) vore borte heilt fram til no, så abstinensen er langt framskreden for iallfall tre av oss. På toppen av det heile har det pøsregna. Det har med andre ord gått på humøret laus. Men no er vi på nett, og på mi frenetiske ferd gjennom favorittbloggane mine fann eg dette morsomme memet inne hos Frk. Plosiv: Hvilken post i bloggen din er bloggens mest kommenterte, og hvorfor? Det er toalettfrustrasjonsinnlegget mitt, der eg fekk tømt meg for aggresjon bygd opp over lang tid over mine grisete, rotete og ubetenksomme medsøstre. Innlegget hang i utskrifts form på doveggen på damedo på jobb ei veke etterpå, og forholda har faktisk betra seg. 😉 Hvilken post i bloggen din var den første som ble så mye kommentert at du ble overrasket? Eg vart veldig glad for kommentarane til innlegget mitt om striskjortemat. Då hadde eg akkurat kome i gang, og eg fryda meg over å ha lesarar i det heile tatt. Hvilken post i bloggen …
at eg ikkje kasta meg opp på scena og dansa hjarta mitt ut då Angelique Kidjo spelte på Rockefeller i fjor, og ho inviterte alle som ville danse med henne til å bli med. Denne vesle, energiske, androgyne dama frå Benin er eit oppkome av musikk, rytme og sensualitet. Vi kjøpte plata hennar Ayé i 1996, eitt par år etter at den kom ut. Prinsessa som no er tretten dansa mykje til denne før ho kunne gå. I 1998 var det fotball-VM, og det prega naturleg nok mediebildet ein del. NRK P2 hadde eit fint ettermiddagsprogram der Tango for tre hadde vignettane, og i dette programmet spelte dei Agolo, og vi dansa rundt på golvet på kjøkkenet slik vi brukte då vi høyrde den sangen. Då sangen feida ut, sa programleiaren: Dette var Agolo Agolo Agolo med Angelique Kidjo. Det er beninsk, og betyr «Det der var vel for faen ikke frispark». Eg huskar at eg hadde problem med å forklare ho på to kva det var som var så morsomt. Dette opptaket er frå …
Av alle ting var det ei parfymedame som tipsa meg om denne nettsida. Her er det så mykje rart, du må berre sjå det sjølv. Ingen kommentarar nødvendig. Ha ein god tur.
Som eg har lova før, så skal eg ikkje skrive meir om han mannen som døde full av reseptbelagde kjemikaliar i kroppen, og som var ein fantastisk musikar og dansar. Men eg har fortalt før kor gjerne eg skulle ha vore med på noko slikt som dette. No har svenskane gjort det, på Sergels Torg og sentralstasjonen. Sjekk ut denne: Og dersom eg skulle få tilbod om å vere med på noko slikt så må eg jo øve først, ikkje sant? Og korleis skulle eg klare å lære moovsa? No har eg funne ut akkurat det, eg må få meg ei slik: Dette er Thriller, og ikkje Beat it, som dei gjorde i Stockholm, men det er viktig med litt variasjon. Viss du er litt engsteleg for å legge kredittopplysningar på nettet, men likevel vil lære å danse Thriller, så kan du blåse opp denne litt: Det einaste som er dumt er at den ikkje er raud. T-skjorta er lagd av Threadless.
Eg er av den typen som alltid får dårleg tid. Ikkje katastrofe, eg kjem ikkje ein halvtime for seint (med mindre noko heilt spesielt har skjedd), men mellom fem og ti minutt sein kan eg nok vere. Til møter på jobben kjem eg stort sett tidsnok, men det kan skje der og. Eit tiltak eg har brukt er å stille klokka slik at den går tre minutt for fort. Det funkar ofte, eg er såpass surrete at eg gløymer eg har gjort det, og dermed så kjem eg litt nærare på tida. Veggklokkene på jobb har eg ikkje fått gjort noko med, men her er min store sjanse. Eg jobbar jo med innkjøp, så dette må vel falle inn under mitt mandat – å kjøpe inn ein del av desse. Kva trur du? Vil dei hjelpe fleire enn meg, eller bør eg berre få ei til mitt kontor? Frå Diamantini & Domeniconi
–eksplodert hagesenter: (Nei, det er ikkje min hage, men ganske nær…)
Denne videoen er utruleg festleg, som alle slike filmar er der ein skriv hindu om til norsk eller engelsk. Når du supplerer med eit svimlande antall klesskift, lett spastiske danserørsler, indisk flørting og skodde i høglandet er dette ein højdare. Enjoy!