Som eg har lova før, så skal eg ikkje skrive meir om han mannen som døde full av reseptbelagde kjemikaliar i kroppen, og som var ein fantastisk musikar og dansar. Men eg har fortalt før kor gjerne eg skulle ha vore med på noko slikt som dette. No har svenskane gjort det, på Sergels Torg og sentralstasjonen. Sjekk ut denne:
Og dersom eg skulle få tilbod om å vere med på noko slikt så må eg jo øve først, ikkje sant? Og korleis skulle eg klare å lære moovsa? No har eg funne ut akkurat det, eg må få meg ei slik:
Dette er Thriller, og ikkje Beat it, som dei gjorde i Stockholm, men det er viktig med litt variasjon. Viss du er litt engsteleg for å legge kredittopplysningar på nettet, men likevel vil lære å danse Thriller, så kan du blåse opp denne litt:
Det einaste som er dumt er at den ikkje er raud.
T-skjorta er lagd av Threadless.
Fantastisk!
Stiligt!