Allergi, Billig mat, Noko søtt, Veggis
Comments 2

Dei siste jordbæra?

Bøndene i Østfold truar med at til helga er det slutt, då er jordbæra så skada av fukt og elende at dei ikkje kan seljast lenger. No tilskriv eg slike utsegner alminneleg bondesutring, men det kan jo hende han har rett. Då er det om å gjere å kome seg ut og kjøpe eit brett eller to, iallfall viss du har syltespisarar i huset, og det har eg. 

IMG_8127Besje med sykle på, kalte veslebroren til venninna mi det, altså skjeve med sylte på. Den beste sylta er alltid rørt jordbær, alt anna er berre for å variere, spør du meg. Sesongen er kort, så vi får nytte høvet når det er her.

Frys ned nokre boksar med rensa bær med litt sukker på og, det er deilig til dessertar utover vinteren. Køyrer du dei i hurtigmiksaren blir det jordbærsorbet fort som ein vind. Deilig!

Bæra rensar eg rett oppi Kenwood-bollen min som står på vekta, på den måten har eg kontroll på at eg får rett mengd bær i forhold til sukker og frysepulver. Eg har i litt sitronsyre, jordbær kan bli litt emne i smaken viss det heile vert for søtt, og litt sitronsyre balanserer smaken fint.

Å kalle det syltetøy er strengt tatt ikkje korrekt, dette er frysetøy, eller rørt jordbær. Når du syltar varmar du opp bæra, skummar av og tilset sukker og konserveringsmiddel. I frysetøy brukar du mindre sukker, fordi du ikkje treng den konserverande effekten til sukkeret, og du brukar også mindre kjemiske stoff, fordi glasa ikkje skal halde seg ferske lenge.

IMG_8130Eg gjer som mor mi (gjer ikkje alle det, til slutt?) og frys syltetøyet i glas. Det har vi meir enn nok av, etter alle vinterens pastasausar og salsaglas. Det er unødvendig å kjøpe emballasje når ein har fine glas å bruke, sjølv om det kan sjå ut som om dei kjem frå sju prestegjeld. Det står til og med Jordbær 2006 på enkelte av glasa, dei har vore inne i loopen tidlegare.  Slik gjorde eg det:

IMG_8129Rørt jordbærfrysetøy

2 kg jordbær, rensa

1 kg sukker

1 pose frysepulver

1/2 ts sitronsyre

Ha alt i ein kraftig miksar, eg brukar kenwood med k-kroken på. Køyr blandinga på lågaste fart i to-tre minutt til sukkeret er oppløyst. Fyll sylta på reine glas, men ikkje fyll dei heilt til topps. Syltetøyet utvidar seg når det frys, så det må vere litt plass att i glaset, i motsetnad til kokt syltetøy, der glasa skal vere heilt fulle. 

Server på nysteikte vafler, ferskt brød eller på vaniljeis. Mmmmm….

 

This entry was posted in: Allergi, Billig mat, Noko søtt, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Maiblomst says

    Rørt jordbærsyltetøy er noko av det beste som finns!
    Også så lettvint. Eg gjer som deg og kjører det i kenwooden.
    Sitronsyre har eg ikkje tenkt på. Det skal eg prøve i år.

    Ellers dreg me snart på vårt fyrste boligbytte. Takk for inspirasjonen!

Leave a Reply