Billig mat, Noko søtt, Tilbehør, Veggis
Comments 3

Dufta av ei rose – på glas


Rosene står i fullt flor, dei er på sitt finaste no.

Eg elskar roser, dei er så intenst vakre, med lysande fargar og fascinerande former. Nokre av dei duftar til og med, og det er dei duftande eg har leika meg med i det siste.

Knuppar av duftande roser kan du ta inn og tørke på låg varme, då får du velduftande pynt til potpurri, til å pynte bordet med og til å sette på toppen av ein muffins med rosa glasur.

IMG_8096Når rosa har slått ut, og akkurat skal til å sleppe blada, gjeld det å vere der og samle dei inn. Eg lagar rosegelé av roseblada, ein vakker, cerisefarga gelé som du kan servere til ein god ost, til kjøt eller bruke til å gje ei kake rosesmak med.

Det er mange rosesortar som duftar, og New Dawn, Lykkefund, Aloha og Louise Odier er sikre sortar som er lette å få tak i og som luktar fantastisk. Souvenir du dr. Jamain er ei mørk raud rose som er flott å blande i saman med dei lyse som new Dawn og Louise Odier, den gir nydeleg farge på geléen. Har du gule eller ferskenfarga roser, som Pat Austin, Aicha, Yellow Button eller the Pilgrim, får geléen ein gylden farge.

Villroser kan også brukast, mange av dei ville rynkerosene har deilig duft. Eg fann ein stor busk med villroser ved ei fotballbane like ved her eg bur, og den plukka eg meir eller mindre rein for å supplere det eg fann av blad på naboen sin Louise Odier. (Ho hadde sagt ja altså, naboen!) Å spørje først før ein ranar ein rosebusk er god skikk, med mindre den står på friareal.

syltesukker_visnTil å lage geléen brukte eg syltesukker på pose, altså sukker ferdig blanda med geleringsmiddel og konserveringsmiddel. Du kan bruke pektin på flaske og konserveringsmiddel, men eg syntest det var lettvint å ha alt i eitt. Geléen vart stiv og fin, men den måtte stå litt for å stivne ordentleg. Den var ikkje skikkeleg stiv før etter ei natt på benken på kjøkkenet og eit døger i kjøleskapet.

Merk at geleringssukker ikkje er det same som syltesukker. Geleringssukker inneheld så vidt eg har funne ut ikkje konserveringsmiddel. Det er meint å bruke i dessertgeléar og ostekaker og slikt, så det kan ikkje brukast til rosegelé som skal oppbevarast lenge.

Det er ei utfordring å finne passande glas, dei bør ikkje vere for store. Dersom glasa du har geléen i er for store vil den ikkje bli stiv. Dei du ser over har eg kjøpt på Pytt og panne, dei rommar ca. 1,5 dl.

Før du går i gang med å lage gelé er det greitt å ha glasa klare. Eg køyrer dei i oppvaskmaskin åleine på høgaste varme, då er dei reine nok etter min smak. Pass på at pakningane også er vaska på same måte, det hjelper ikkje med reine glas viss pakningane på dei er skitne.

Enkelte svergar til å koke dei, det er greitt viss glasa har stått ei stund etter at dei har blitt vaska. Atamonskylling blir og brukt, eg har ikkje gjort det. Vi får sjå kor lenge mine glas held seg, så skal eg rapportere tilbake neste år om det fungerer eller ikkje. Slik gjorde eg det:

IMG_8078Rosegelé

1,5 liter roseblad

1 liter vatn

1 pose syltesukker (1 kg)

Safta av ein sitron

Ha vatnet i ein kjele, og ha i roseblada. La det koke opp under lok. Pass på når det heile blir varmare, og fisk ut eventuelle dyr som har livet kjært, og slåss om å kome ut av gryta. La det koke i 10 minutt.

Sil frå roseblada, og ha rosevatnet over i ein rein kjele. Sil gjennom ei trådsikt viss du har ei, for å få bort kokte insekt.

IMG_8086Press i sitronsafta, også gjennom sikta, for å unngå å få steinar og hinner i geléen.

Bland syltesukkeret i rosevatnet, og la det koke opp medan du rører. La det fosskoke i eitt par minutt.

Skum av hinna og skummet som dannar seg på toppen. Sett kjelen til side, og la det kolne.

IMG_8091Fyll geléen på varme glas, men vent med å sette på loket nokre timar til geléen har dampa frå seg.

La dei få første natta i kjøleskap slik at geléen blir ordenleg fast og fin.

Server geléen ved sidan ein moden brie, i staden for rørt tyttebær til hjortesteika og på søte kjeks til ein kopp te.

Rosegelé er ei kjempefin vertinnegåve, og lagar du mange kan du gje dei bort i julegåve.

rosegele rosegelè 

3 Comments

  1. Det var et ord i rette tid. Jeg har MASSE roser som nå akkurat er på nesten-falle-ned stadiet. Skal koke gele den dag i dag. Helt enig i at det må være en super venninnegave.

    Likar

  2. Hei! Dette er virkelig en blogg om alt det gode i livet! Takk for dette innlegget om roser, det var ikke bare gledelig og vakkert, men også nyttig å få kunnskaper om! 🙂 Roser er virkelig en kilde til mye godt 🙂

    Likar

  3. hildeG says

    Da har det blitt gele her i huset også, på de samme glassene. De hadde noen «litt» større også, som var enda finere å ha gele på, men dessverre hadde de bare 4 av disse. Nå står det masse glass på kjølerommet mitt 🙂 Takk for tipset om syltesukkeret. Det var jo bare SÅ lettvint og greit!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s