Frustrasjonar, Humor
Comments 3

Alltid dårleg tid…

Eg er av den typen som alltid får dårleg tid. Ikkje katastrofe, eg kjem ikkje ein halvtime for seint (med mindre noko heilt spesielt har skjedd), men mellom fem og ti minutt sein kan eg nok vere. Til møter på jobben kjem eg stort sett tidsnok, men det kan skje der og.

Eit tiltak eg har brukt er å stille klokka slik at den går tre minutt for fort. Det funkar ofte, eg er såpass surrete at eg gløymer eg har gjort det, og dermed så kjem eg litt nærare på tida.

Veggklokkene på jobb har eg ikkje fått gjort noko med, men her er min store sjanse. Eg jobbar jo med innkjøp, så dette må vel falle inn under mitt mandat – å kjøpe inn ein del av desse. Kva trur du? Vil dei hjelpe fleire enn meg, eller bør eg berre få ei til mitt kontor? 

klokke

 

Frå Diamantini & Domeniconi

This entry was posted in: Frustrasjonar, Humor

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Haha, det er akkurat som å lese om meg 😀 Den klokka så genial ut! Lurer på om de har armbåndsur også ..

  2. haha. fantastisk.

    jeg pleier ikke komme forseint. utenom til en type forelesing på skolen, og til to forskjellige venninner.

    jeg gjør det ikke med vilje, men jeg har ikke sjangs til å rekke og komme tidsnok til dem.

    (første gang jeg er inne på denne bloggen, tror jeg, jeg skal litt på den nå)

Leave a Reply