Allergi, Billig mat, Mat, Middag, Noko søtt
Leave a Comment

Mat til berre meg

I dag skriv eg for deg som lagar mat berre til deg sjølv. Det er lett å ”ta det lettvint” når ein ikkje skal ete saman med andre. Det merkar eg sjølv dei gongane mann og barn er bortreist, og eg skal lage noko i ei fart. Men eg har valt å snu på det: No lagar eg mat berre til meg sjølv. Då skal eg lage noko kjempegodt, og kose meg skikkeleg! 

Eg vil gje dokke nokre gode oppskrifter på middagar til ein person som er enkle å lage, men samstundes smakar fortreffeleg.

Den første er foliebakt fisk med grønsaker. Det er så enkelt at det grensar til det banale, men eg vart mint på denne måten å lage fisk på av mora mi her om dagen, og kom på at eg har ikkje gjort det sidan eg studerte og budde på hybel. Synd og skam, for dette er ein kjempegod og enkel måte å lage mat til ”berre meg” på. Slik gjer du det:



Foliebakt fisk

200 g fisk (alle typar fisk kan brukast. Laks er billeg og godt, sei likeså)


Ei fingerlengde purre


Ei gulrot


Ein skalk av raud eller gul paprika


Hakka urter om du har, persille, dill, løpstikke eller sitrontimian er godt.


Ei spiseskei smør eller olivenolje


Salt og peppar


Litt sitron


To-tre poteter



Vask potetene. Legg dei i ei gryte, og slå vatn over slik at det så vidt dekker potetene. Sett på full styrke til det kokar opp, og demp varmen slik at dei står og kokar forsiktig. Brett aluminiumsfolie dobbelt, og smør oppsida med smøret. Kutt grønsakene i tynne strimlar. Legg dei på folien, og strø litt salt og peppar på. Legg fisken oppå grønsakene. Strø litt salt og peppar på den og. Legg det som er att av smøret i foliepakken. Lukk pakken, og legg den oppå potetene. Legg på lok. La det heile koke til potetene er møre og fisken er så vidt gjennomdampa. Brukar du olivenolje eller mjølkefri margarin blir denne oppskrifta mjølkefri og allergivennleg.

Brukar du frosen fisk, då prøv å hugse å ta den ut av frysaren før du går om morgonen, slik at den har tint. Del frossenpakkar på 400 g i to, og la den andre halvdelen bli att (godt innpakka i plast) til neste gode middag.

Du kan bytte ut urtene med litt hoi sin-saus eller soyasaus, då får du ein asisatiskinspirert middag. Med ris til kan du ta fram spisepinnane, og drøyme deg til framande land! Du kan variere grønsakene, eg lagde ein gong noko liknande med fenikkel, løk og skiva tomatar, det var kjempegodt. Den milde anisliknande smaken går fint til fisk.

Skal du lage retten til fleire, kan du bruke ei større gryte, eller du kan putte foliepakken i omnen på 200 grader i ca. 20-25 minutt.

Min andre åleinerett er gravlaks med dillstua poteter. Eg er glad i dill, og når eg er for meg sjølv kjøper eg ein porsjonspakke med gravlaks og nikosar meg. Vanlegvis forbitt ein vel gravlaks med koldtbord. Men når du serverer dillstua poteter til blir det full middag, og ikkje minst ein middag som følest meir luksuriøs enn den er. Det er fort gjort å lage, sidan potetene er skorne i terningar er koketida kortare enn om dei var heile. Slik gjer du det:

Gravlaks med dillstua poteter


100 g gravlaks


To store poteter


1 ss smør


1 ss mjøl


2 dl mjølk


Salt, peppar og dill (tørka går like bra som fersk)


1 ss majones


1 toppa ts finmalen sennep


Skrell potetene, og kutt dei i terningar. Har du kokefaste poteter (sjå på posen) kan du legge dei rett i lettsalta vatn. Har du mjølne poteter er det sikrast å legge dei på rist og sette rista oppi gryta. Du veit ei slik pinnekjøtrist som faldar seg ut som ein blome. Kok eller damp potetene til dei er møre, ca. 20 minutt.

I mellomtida smeltar du smøret i ei tjukkbotna gryte, og rører inn mjølet. Bruk ikkje meir enn ei strøken spiseskei mjøl. Slå på mjølka, og la sausen koke opp medan du rører flittig. La sausen koke i 5-6 minutt for å få bort mjølsmaken medan du rører jamt og trutt. Smak til med salt, peppar og dill. Slå vatnet av potetene, la dei dampe av litt, og vend dei inn i sausen. Syns du sausen er for tjukk, sper du den berre med ein liten skvett av potetkokevatnet.

Sennepssaus lagar du ved å spe ut majonesen med ei teskei eller to med vatn, og røre inn sennep til den har passe sennepssmak. Styrken på sennepen varierer frå type til type, men ein generell huskeregel er at grov sennep er mildare enn finmalen sennep. Rør inn litt hakka dill her og. Legg potetstuingen på ein tallerken, anrett laksen på toppen og ha sennepssausen i ei pen, lita skål ved sidan av. Nam!



Dessert? Er det lov då, i dagens slankenorge? Og så når eg er heilt åleine? Jada, det går an å lage gode, sunne dessertar som ikkje tek av når det gjeld kaloriar, og som gjer at middagen sit i litt lengre. Kanskje reduserer det og lysta til å gå i skapet utpå kvelden og rane ein potetgullpose… Snart er hagane fulle av eple. Benytt deg av det, epleslang der nokre få nedfallseple vert borte er vel ingenting å hisse seg opp over. Spør du pent først får du sannsynlegvis ja, og sikrar deg mot overfall frå aggressive hageeigarar.

Veit du om ein pærehage kan denne oppskrifta brukast på pærer og. Nektarinar, som ein får billeg i korger rundt omkring, kan og tillagast på denne måten. Slik gjer du det:



Lun fruktdessert



150 g frukt


1 ss smør


1 ss sukker 


50 g rosiner


Litt sitron


2 ss rømme, naturell kremost eller kesam


Litt vaniljesukker



Ha rosinene i eit glas, og slå litt kokande vatn over. Skrell frukta, og del den i båtar. Smelt smøret i ei steikepanne, og legg frukta i. Fres den til den er mør. Strø sukkeret over, og la det gje frukta eit karamellisert lag. Slå vatnet av rosinene, og vend dei inn.

Legg frukta på ein asjett. Kryst litt sitron over. Rør rømme, kremost eller kesam (eller ei blanding) glatt med vaniljesukkeret. Vert det for tjukt, så spe med litt mjølk. Smak til med ein liten sprut sitron. Kremen skal ikkje vere så veldig søt, frukta er det søtaste her.

Denne desserten kan og smaksettast med kanel eller kardemomme. Dryss i så fall kanel eller kardemomme (det skal lite til) over saman med sukkeret. Kos deg!

Leave a Reply