All posts filed under: Humor

Eit meme

Her sit eg, og skal gå heim frå jobb, men einkvan der oppe sender det eine regnskyllet etter det andre ned over meg. Difor prokrastinerer eg, og rappar eit meme frå Frøken Makeløs i staden. Slik går det: ♥ Hva er du opptatt av for tiden? Finne nokon å bytte hus med i ferien, glede meg til bryllup neste helg og vente på sola. ♥ Hva har du på deg i dag? Raud singlet, raud jakke over, piratjeans og kvite blondesko. Som eit syttandemaiflagg, altså.  ♥ Hva skal du spise til middag? Oppattevarma greinaløyse, vi har restar frå både tirsdag og onsdag. ♥ Hva vil du gjerne lære deg? Fransk! ♥ Hva hører du på akkurat nå? Datamaskinen som spinn og regnet som slår mot ruta. ♥ Hvordan er ditt favorittvær? Sol, men ikkje altfor varmt ♥ Hva er ditt mest utfordrende mål akkurat nå? Levere ei innstilling inkl. toppnotat og eit toppnotat til ei anna sak samt å oppdatere hovuddokumentet, samt å hjelpe ein kollega med ei evalueringsmatrise pluss pluss… ♥ Hva syns du …

Ein kjedeleg dag på jobben?

Det er berre ein ting å gjere: Skap di eiga moro. Slik som denne karen gjorde. http://www.sol.no/klipps/video/flyvert_som_er_lei_av_rutiner

Litt bilstoff manglar i denne bloggen

Dei som kjenner meg veit at eg har vakse opp i ein bilverkstad. Dei som kjenner meg verkeleg godt veit at familien min har hatt to privatbilar. Den eine er ein Peugeot 404 Familiare, kjøpt i 1970, og parkert for godt etter at eg hadde den som russebil midt på åttitalet. Den andre, ein Seat, rullar og går for dei som bur i barndomsheimen framleis. Førarkortet tok eg som privatist, og eg er ein entusiastisk bilist. Skal det køyrast fort og lenge i vår familie, er det ofte eg som gjer det. Eg har lurt på om vi skal sjå på ein miljøvennleg hybridbil neste gong vi skal ut på marknaden. Denne anmeldelsen av Honda sitt nye hybridvidunder har imidlertid gjort meg i tvil. Jeremy Clarkson, den bilglade programleiaren i Topgear, har hatt ein til uttesting, og gjeve si vurdering. Den var så morsom at eg må poste den her. Britar er utruleg slagferdige, nesten uansett kva dei skriv om, og her går det altså ut over ein stakkars Honda. Much has been written about the …

Meir språkmoro

Frå «mein Berliner Bruder» har eg fått denne samtalen. Eit kroneksempel på språkleg samarbeidsevne frå begge partar. Protocol of a phone call between guest and room-service in a hotel somewhere in Asia: Room Service: «Morny. Ruin sorbees.» Guest: «Sorry, I thought I dialled room-service.» Room Service: «Rye…Ruin sorbees…morny! Djewish to odor sunteen??» Guest: «Uh…yes…I’d like some bacon and eggs.» Room Service: «Ow July den?» Guest: «What??» Room Service: «Ow July den? …pry, boy, pooch?» Guest: «Oh, the eggs! How do you like them? Sorry, scrambled please.» Room Service: «Ow July dee baychem…crease?» Guest: «Crisp will be fine.» Room Service: «Hokay. An san toes?» Guest: «What?» Room Service: «San tos. July san toes?» Guest: «I don’t think so.» Room Service: «No? Judo one toes?» Guest: «I feel really bad about this, but I don’t know what «judo one toes» means.» Room Service: «Toes! toes! …why djew Don Juan toes? Ow bow singlish mopping we bother?» Guest: «English muffin!! I’ve got it! You were saying «Toast». Fine. Yes, an English muffin will be fine.» Room Service: «We …

Eg ler meg skvett ihel…

Eg har tydelegvis lesarar utanlands og, einkvan har brukt google sitt omsetjingsverktøy for å omsette innlegget mitt om 17- mai-oppskrifter til engelsk. Etter å ha stava meg igjennom dette sat eg att i krampelatter/-gråt. Dette vart overmåte festleg. Eg har klipt litt i verket. Enjoy. … Some do well at it to get any such mail or backpack may be a little cake-like police. It may well happen, but most that were there were giant Norwegian, and for once we got off skuld cakes delivered so that we could organize the sale in a good way. It is a first time for everything, also there to deliver the cake to 17. mai, May, and then it may be wise to have a bookmarks to relate to, and not least, may be motivated by. We got to the instance to get posar hard step full of young knortar of some bollar that had not improved and that was useljelege. All good Can you make cinnamon balls and ordinary bollar, so they also quite large, so that …

Engelsk er vanskeleg…

…spesielt i utlandet. Eg må berre dele desse to med dokke. Dei stammar frå Egyptturen vår i fjor. Den eine er frå toget til Aswan, 1. klasse.  Den andre er frå ein restaurant i Alexandria som vi gjekk inn på, men tilhøva gjorde at vi gjekk før vi hadde fått bestilt men etter at vi hadde fotografert menyen. Ein del mystiske greier her.

Å vere mamma

Eg har allereie erklært mine varme kjensler for Love Actually, men det eg ikkje visste var at det sirkulerer materiale som er klipt frå filmen på Youtube. I filmen ser vi ikkje så mykje til Emma Thompson og Alan Rickman sine barn, bortsett frå julegåveutdeling og hummarscener frå julespelet. Men sonen deira var tydelegvis opprinneleg skriven som ein noko opprørsk nesten-tenåring som var det vi heime kan kalle atal. I denne scena, som altså er blant dei sletta scenene, blir Emma Thompson innkalt til møte på rektors kontor, for å bli informert om sprella som avkommet har gjort. Måten ho handterer det heile på er mønstergyldig, etter mitt syn. All respekt til mødre som klarer å ta hand om sine kreative, utagerande og flotte guteslampar på ein slik måte at dei ikkje kjenner seg krenkte eller hundsa med.

Siste nytt frå parfymeverda

No gir eg meg over og legg meg under. Hillary Clinton lanserer ein parfymeserie, under namnet «Autorité». Duftene skal få menn til å rette seg opp i ryggen og følge med, og ikkje seie noko før dei får beskjed om det. Duftprøver vil bli lagt inn i Elle, The Economist og The New York Review of Books. Nice…

Dagens kjønnsskifte

Jørgen Nordlund (38) er i dag ansatt som ny kvinnelig slalåm- og storslalåmtrener i Norges Skiforbund. Pressemelding frå Norges Skiforbund.

Ein ny idrett – Dannis!

Vi hadde med oss ein av dei mest oppfinnsomme leikarane eg veit om, og ho fann saman med sin favorittfetter opp ein ny idrett: Dannis. Dannis (uttalast med ein dansk æ i første staving) går ut på at ein spelar tennis, men utan racket, altså med hendene. Norsk Dannisforbund vart prompte oppretta, og den nye sporten fekk utvikla regelsett, turneringssystem og ikkje minst teknikk i løpet av dei fem dagane vi tilbrakte i Danmark. Dei siste to dagane vart litt prega av at sjølve speloppfinnaren var litt pjusk, med feber og forkjøling, men medan foreldra vaska seg ut av huset i dag gjekk turneringa ufortrødent vidare. Viss nokon er interessert i å lære meir om Dannis er det berre å ta kontakt her.  Legg merke til landslagstrenaren, som under denne treningskampen sprada rundt i mørk blå stillongs. Norsk Dannisforbund arbeider vidare med å få ein noko meir stilrein kleskodeks for Dannisutøvarar, iallfall på utanlandsopphald.

Ei lita reise

I dag reiser eg ein tur nordover, først til Tromsø og så vidare på ein liten familieturné i midt-troms. Eg har lagt inn nokre postar som kjem til å poppe opp her med jamne mellomrom, men dit eg skal vere mesteparten av tida er det ikkje nettforbindelse. Dermed vert det lite kommentarar frå mi side. Men kos dokke her likevel, og sjå på det som ein slags heime-åleine-fest! 😀

Gode, gamle dagar…

Eg fekk denne mailen i går, og kan ikkje la vere å dele den med dokke. Hysterisk… Akk, det var tider å sitte på løs parkbenk i folkevognbussen med en hel haug med fettere og kusiner som fløy ukontrollerbart sidelengs i badebuksene og svømmeringer. Med en passe gal tante som ikke hadde tatt opptelling på ungene før vi forlot badestranda. Når vi kom hjem oppdaget vi at Jonathan var glemt igjen på do. Tanta måtte tilbake og henta krapylet mens vi andre 7 var hjemme og laget snøvær med popcornmaskinen. Det var tross alt en varm juni. Det var gøy å være barn på 60-tallet. For det første overlevde vi å bli født av mødre som røkte og/eller drakk
 mens de var gravide med oss og levde i hus fulle av asbest. De brukte Dispril og Paracet, spiste muggost, rå eggeprodukter, mengder av bacon og
 fet mat – for ikke å snakke om mat tilsatt alskens farge- og
 tilsetningsstoffer, tunfisk rett ut av boksen og vi ble ikke testet for
 diabetes eller alvorlige kreftsykdommer.
 Etter …

Enkelte legg meir arbeid i håret

Eg tenker på ho til venstre…    Bildet er lånt av Associated Press.

Eg støttar vanlegvis ikkje plagiat…

men dette var så bra at eg måtte låne det. Serendipity cat publiserte denne, og eg må berre gjenta den her. Vi er vel ikkje alle så ille? Q: How many women with PMS does it take to change a light bulb? Woman’s Answer: One! ONLY ONE!!!! And do you know WHY? because no one else in this fu*k’n house knows HOW to change a fu*k’n light bulb! They don’t even know that the fu*k’n bulb is BURNED OUT!! They would sit in the dark for THREE fu*k’n DAYS before they figured it out. And, once they figured it out, they wouldn’t be able to find the god dam*ed light bulbs despite the fact that they’ve been in the SAME FU*K’N CABINET for the past 17 YEARS! But if they did, by some miracle of God, actually find them, 2 DAYS LATER, the fu*k’n chair they dragged to stand on to change the STUPID light bulb would STILL BE IN THE SAME fu*k’n SPOT!!!!! AND UNDERNEATH IT WOULD BE THE WRAPPER THE FREAKING LIGHT BULBS …

Viss du no er mann,

og skal ta på deg parfyme, så veit eg ikkje om dette er rette teknikken. Det kan nok bli litt overveldande. Leiligheita, derimot, den vil eg gjerne ha. 😀

Kjøkkenkreativitet

Når ein kjem i femte klasse er det slutt på SFO og andre støttetiltak, og tiåringane må klare seg på eiga hand fram til foreldra kjem heim. Det går stort sett heilt greit, og undersøkingar viser faktisk at barna likar den kjensla av fridom det gjev å vere heime åleine i den alderen. (At fridomen kan bli sterkt avgrensa av ei sjefete storesøster på 12 seier desse undersøkingane ingenting om.) Når klokka nærmar seg tre er desse barna på sjølvstyr ganske svoltne, og at dei då byrjar å prøve seg på å lage mat er heilt naturleg. Repertoaret her i huset består av nudlar, makaroni, tomatsuppe med makaroni, steikte pølser viss dei finn det og kakao. Ordentleg kakao lagd på gamaldags kakaopulver, mjølk og sukker samt ei lita klype salt.  Men når ein då er så heldig å ha fått ganske kreative barn, er det ikkje anna å vente at kreativiteten kan gje seg utslag i eksperiment som ikkje inngår i kokebøker som er i handelen. Min tiåring er mellom anna oppteken av kva som …