Humor, Kunst
Comment 1

Ein ny idrett – Dannis!

Vi hadde med oss ein av dei mest oppfinnsomme leikarane eg veit om, og ho fann saman med sin favorittfetter opp ein ny idrett: Dannis. Dannis (uttalast med ein dansk æ i første staving) går ut på at ein spelar tennis, men utan racket, altså med hendene.

img_5951_2Norsk Dannisforbund vart prompte oppretta, og den nye sporten fekk utvikla regelsett, turneringssystem og ikkje minst teknikk i løpet av dei fem dagane vi tilbrakte i Danmark.

Dei siste to dagane vart litt prega av at sjølve speloppfinnaren var litt pjusk, med feber og forkjøling, men medan foreldra vaska seg ut av huset i dag gjekk turneringa ufortrødent vidare. Viss nokon er interessert i å lære meir om Dannis er det berre å ta kontakt her. 

img_5946Legg merke til landslagstrenaren, som under denne treningskampen sprada rundt i mørk blå stillongs. Norsk Dannisforbund arbeider vidare med å få ein noko meir stilrein kleskodeks for Dannisutøvarar, iallfall på utanlandsopphald.

This entry was posted in: Humor, Kunst

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

Leave a Reply