All posts tagged: kyllinglårfilet

Jegermat – kylling cacciatore

Eg fekk tak i ein heil kylling på benken her om dagen, og hagen er full av tomatar. Kva gjer ein då? Ser til Italia! Kylling cacciatore er ein kylling laga i jegerstil. Du kan sikkert bruke denne oppskrifta på sjølvskote vilt, men eg syns den er god med kylling, og vil gjerne sleppe å skyte den sjølv. Eg har gjort det litt komplisert i dag, eg delte opp kyllingen i porsjonsstykke, og beina ut både bryst og lår. Det gjorde eg for å behalde det gode skinnet, det sit utruleg mykje smak der. Kylling cacciatore kan lagast i ulike variantar, men eg likar å panere kyllingstykka. Dei får den deilige sprø skorpa oppå, og mjølet på undersida er med på å jamne sausen. Viss du syns det blir for mykje styr kan du lage dette med kyllinglår frå frysedisken og. Men bruk helst kyllingbitar med skinn, dei har mest smak. Eg brukte sjampinjong i sausen, men har du vore ein tur i skogen og funne sopp, passar både steinsopp og kantarell perfekt til denne …

Tomathaust

Neida, eg har ikkje sådd tomatar. Ein treng ikkje så tomatar for å få tomatplantar. Det er nok å kjenne nokon som sår tomatar. Det er ein morsom syklus, det der. Når ein syns det er kjekt å dyrke ting så blir ein likevel lei utpå hausten. Men litt over jul så byrjar det å lysne, og så dukkar det opp frø i butikkane som ein kan så. Då trer sågalskapen inn, og ein puttar masse frø i jorda. Dei spede spirane poppar opp, og får lys, vatn og gjødning etter alle kunstens reglar. Så kjem ein ut i mai, og då er det som om planterommet er overteke av trifidar, desse planteliknande ondsinna vesena, som vil ta kontroll over verda. Då er det at desse ivrige såarane byrjar å dele ut med raus hand. Dreg du frå eit selskap kan du vere trygg på at du får med deg minst ein tomatplante, og kanskje eit par chiliplantar og. Slik får iallfall eg tomatar, og eigentleg er det jo veldig hendig. Min kjære ga meg plantekassar i bursdagsgåve, og ei av desse vart heimen til dei etter kvart fem tomatplantane eg hadde …

Vårmat

Noko av det beste med å lage god mat er å følge sesongane, og akkurat no er det nykål som kjem i butikkane. Den første kålen som kjem, og som vert omtalt som nykål, er som regel spisskål. Den er lett samanpakka, spiss i forma, og smakar fortreffeleg. Eit hovud delt i fire eller seks går fint til to-tre personar som einaste tilbehør, fire viss du har litt meir attåt maten. Spisskålen er best smørdampa med litt sitronsaft, og den kler også bacon veldig godt. Den er perfekt tilbehør til fisk, men i dag serverer eg den til kyllinglår i urter. Eg brukar utbeina lårfilet, det er ei billig og smakfull råvare som du må passe på å kjøpe når du finn den. Kyllinglår i urter 600 g utbeina kyllinglår 1 dl kvitvin eller 1 dl eplejuice 2 dl matfløte 2 dl finhakka urter eller ½ ts tørka timian ½ ts tørka basilikum ½ ts tørka persille 2-3 stilkar fersk bladpersille Salt og peppar Smør til steiking Sett steikeomnen på 200 grader. Smelt smøret i ei …