All posts tagged: storfe

Bifflapskaus/brun lapskaus

Eg har fortalt om «spise-ut-av-frysaren»-prosjektet mitt? Noko av det eg fann der var ein bit oksekjøt frå nyttårsaftan. Då laga eg heilsteikt indrefilet, og den tjukke enden vart kasta i frysaren i ein pose, i kampens hete. Den tok eg opp her om dagen, og laga noko eg nesten aldri gjer; ein klassisk brun lapskaus, eller bifflapskaus. Bifflapskaus er den aller finaste lapskausen, og det smarte er at det skal ikkje så mykje kjøt til. Eg hadde ca. 300 g beinfritt kjøt, og det vart til middag til seks personar! Å bruke små porsjonar med kjøt i ei suppe eller ei gryte er ein god måte å dryge maten på. Kutt kjøtet i relativt små bitar, og pøs på med sunne, fine rotgrønsaker, legg til litt kål og løk, og så har du førsteklasses middag å by vener på.  Ja, og så er det dei store spørsmåla i livet: Tallerken eller skål? Skei eller gaffel? Der er vi ikkje heilt einige her i huset, men mette blir vi. Eg laga bifflapskausen i jerngryta mi, då …