All posts tagged: biff

Nachos med biff

Vi er i nabolaget, vil de ha besøk? Kjære vene, kor glad ein blir for slike meldingar no for tida. Ein meters avstand får vi til, og mat skal kome på bordet. Stor stas! Men kva skal vi servere? Vi hadde planlagt ein enkel biffmiddag, så vi hadde kjøpt inn to gode entrecotar som vi skulle steike. Korleis blir to biffar til middag til fire? Jau, då lagar du nachos med biff. Du kan lage nudlar med biff, eller ein thailandsk biffsalat og, løyndomen er å krydre kjøtet godt, steike det heilt perfekt, og så skjere det i tynne strimlar som du fordelar i retten. Bra for miljøet er det og, å mette fleire med mindre porsjonar kjøt. Det meksikanske (eller kanskje rettare det texansk-meksikanske) kjøkenet er basert på nokre grunnleggande krydder. Det er chili i ulike variantar, paprika, både røykt og vanleg, peppar, cayennepeppar, spisskummen og koriander. Eg lagar ofte mi eiga meksikanske krydderblanding, som eg har ståande (i eit godt merka glas!) i krydderskapet. Då kan eg raskt få til den gode smaken …

Bifflapskaus/brun lapskaus

Eg har fortalt om “spise-ut-av-frysaren”-prosjektet mitt? Noko av det eg fann der var ein bit oksekjøt frå nyttårsaftan. Då laga eg heilsteikt indrefilet, og den tjukke enden vart kasta i frysaren i ein pose, i kampens hete. Den tok eg opp her om dagen, og laga noko eg nesten aldri gjer; ein klassisk brun lapskaus, eller bifflapskaus. Bifflapskaus er den aller finaste lapskausen, og det smarte er at det skal ikkje så mykje kjøt til. Eg hadde ca. 300 g beinfritt kjøt, og det vart til middag til seks personar! Å bruke små porsjonar med kjøt i ei suppe eller ei gryte er ein god måte å dryge maten på. Kutt kjøtet i relativt små bitar, og pøs på med sunne, fine rotgrønsaker, legg til litt kål og løk, og så har du førsteklasses middag å by vener på.  Ja, og så er det dei store spørsmåla i livet: Tallerken eller skål? Skei eller gaffel? Der er vi ikkje heilt einige her i huset, men mette blir vi. Eg laga bifflapskausen i jerngryta mi, då …

Biffsalat

Salatar har sin sjarm som tilbehør og som smårettar, men det er også godt med ein salat som fullverdig middag. I så fall må ein supplere med gode proteinar i salaten, og det kan vere både fisk, kjøt og ulike typar bønner. Her om dagen lagde eg ein smakfull og saftig biffsalat, og det vart suksess i heimen. Eg kjøpte mørbrad som var på tilbod fordi kjøtstykka gjekk ut på dato same dag. Finn du slikt er det berre å ta det og springe. Biffkjøt er aldri så mørt som når det er på eller bittelitt over utløpsdato. Eg fann to biffar på ca. 100 g kvar, for lite til ein biffmiddag, men perfekt til ein biffsalat. I salaten putta eg også sopp, og soppen steikte eg i same panne som kjøtet, utan å vaske panna i mellom. Det gjorde at soppen fekk ein deilig kjøtsmak. Slik gjorde eg det: Biffsalat 200 g mørt biffkjøt 200 g sopp Litt timian 200 g blanda salat, eg brukte baby leaves Eit beger cherrytomat Ein avocado Eit beger …