Kjøtt, Mat, Middag, salat, Sausar og dippar, Tilbehør
Comment 1

Biffsalat

Salatar har sin sjarm som tilbehør og som smårettar, men det er også godt med ein salat som fullverdig middag.

I så fall må ein supplere med gode proteinar i salaten, og det kan vere både fisk, kjøt og ulike typar bønner.

Her om dagen lagde eg ein smakfull og saftig biffsalat, og det vart suksess i heimen. Eg kjøpte mørbrad som var på tilbod fordi kjøtstykka gjekk ut på dato same dag. Finn du slikt er det berre å ta det og springe. Biffkjøt er aldri så mørt som når det er på eller bittelitt over utløpsdato.

Eg fann to biffar på ca. 100 g kvar, for lite til ein biffmiddag, men perfekt til ein biffsalat. I salaten putta eg også sopp, og soppen steikte eg i same panne som kjøtet, utan å vaske panna i mellom. Det gjorde at soppen fekk ein deilig kjøtsmak. Slik gjorde eg det:

Biffsalat

200 g mørt biffkjøt

200 g sopp

Litt timian

200 g blanda salat, eg brukte baby leaves

Eit beger cherrytomat

Ein avocado

Eit beger fetaost med soltørka tomatar

1 dl vatn eller kvitvin

Vinaigrette:

0,5 dl balsamico, eg brukte tomatbalsamico frå det “store utland” (Charlottenberg)

1 dl olje, deriblant det som var i fetaostboksen

1/2 ts sennep

1 ts honning

Litt utkok frå steikepanna

Smør eller olje (eller begge delar) til steiking

Vask og tørk salaten, til dømes ved hjelp av ei salatslynge.

La oljen renne av fetaosten, og ha den i eit beger saman med dei øvrige ingrediensane til dressingen, unntatt utkoket frå steikepanna. Sett til side.

Salte og pepre biffstykka godt. Varm opp steikepanna, og ha i litt smør og/eller olje. Legg i biffstykka, og la dei steike i to minutt på kvar side. Dryss over ei god klype timian på slutten av steiketida. Ta biffane ut av steikepanna, og la dei kvile.

Rens og kutt opp soppen. Slå litt væske (eg brukte kvitvin) i steikepanna, og rør godt rundt. Ha i litt meir smør, og legg i soppen. Vend den rundt litt, og legg på lok. La soppen dampe i nokre minutt. Snu på den undervegs. Når den har fått fin farge og er godt steikt, kan du legge den på ein tallerken for å kolne.

Kok ut panna på nytt med litt vatn, og sil steikeskya over i begeret med vinaigrette-ingrediensane. Køyr det glatt med stavmiksar. Min vinaigrette emulgerte seg, det kan hende det var sennepen eller honningen som gjorde det. God vart den, iallfall.

Kutt opp tomatane, og fordel dei over salaten. Ha på fetaost og avocado som du har delt i bitar. Skjer biffen i tynne skiver, og fordel dei over salaten saman med soppen. Server dressingen ved sidan av, og sett noko godt brød på bordet.

1 Comment

  1. Når jeg griller biff, griller jeg alltid litt for mye. Da blir den til lunsj neste dag, sammen med salaten fra grillmiddagen som jeg evt. sper opp med litt ekstra salat om nødvendig. Flott å kunne lage to måltider i ett:)

Leave a Reply