Billig mat, Fest, Jul, Noko søtt
Comments 2

Lussekattar


I dag er det lucia, og dagen for å lage lussekattar. Her får du mi oppskrift:

Safrankrans/lussekattar

125 gram smør

5 dl mjølk

1 1/2 dl sukker

50 gram gjær

1 ts gurkemeie eller 1/2 gram safran

ca 12 dl kveitemjøl

Smelt margarin og varm margarin/smør og mjølk til 37 grader. Ha i sukker og rør gjæra ut i denne deigvæska. Har du heil safran, så knus den med litt sukker i ein mortar først. Ha så krydderet i mjølet, og elt det turre inn litt om gangen til du får ein smidig deig som ikkje er for laus men heller ikkje for fast.

Forhev deigen i bakebollen i 25 minutt. Legg deigen på mjøla bakebord og kna han saman til ein stor bolle. Trill ut tre pølser og flette dei saman til ein krans eller du kan lage tradisjonelle lussekattar. Legg dei ferdige lussekattane på bakepapir på ei plate. Pensle bakverket med ei blanding av 1 egg og 1/2 dl mjølk. Etterhev baksten i 25 minutt (lagar du krans bør den få heve litt lenger) og steik den på 210 grader midt i omnen i ca 15 minutt (25 minutt steiketid for krans).

2 Comments

  1. Aaah.. Yes, I can! Jeg fikk ei lussekatte da jeg forlot domkirka i dag morges etter en tiiidlig luciakonsert, og tenkte «jeg vil også bake!» Jeg hadde bare ei oppskrift jeg ikke var happy med, men nå skal jeg teste din istedet. Hurra! Strengt tatt bør vel lussekatter bakes dagen før, etter min mening, slik at de er klare på selve luciadagen, men jeg er ikke sååå nøye på det.

    You are my heroine, som så ofte før 🙂

    Likar

  2. Her skal det også bakast lussekattar. Trur fantastisk nok at eg har nok ingrediensar liggjande til ein halv porsjon, då inkludert safran (innkjøpt, og ikkje nytta i fjor)

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s