Julepålegg: Fårerull på den klassiske måten
Å legge ekstra gode ting på brødet er med på å skape julestemninga der eg kjem frå. Eg vaks opp med syltaflesk og fårerull til julefrukost, og det blir ikkje jul utan. Men også med desse tradisjonelle rettane kan vi fornye, og endre på ting som kanskje ikkje fell i smak. Dei gode, norske råvarene kjem verkeleg til sin rett når dei vert til pålegg. Har du ein god slaktar nær deg, så bestill ei lammeslagside utan bein, så har du det du treng for å lage ein god fårerull. Prøverull den, og sjå kor mykje «utside» du treng. Den litt seige kappa er fin å ha for å halde rullen saman, men du treng den ikkje inne i rullen. Mål opp, og skjer vekk den delen av kappa som vil kome inni rullen forsiktig med ein skarp kniv. Viss slaktaren er grei så gjer dei kanskje dette for deg. Så er det berre å gå i gong. Det smaksrike sauekjøtet treng ikkje så mykje krydder, det tradisjonelle krydderet er ingefær, salt og pepar. Men …