Desse gode heimelaga gåvene fiksar du i løpet av ein kveld, viss du har gjort innkjøpa på førehand. Kanskje det blir ei gåve til deg sjølv?
Gløggekstrakt treng ikkje koste to kroner på lokalbutikken, du kan enkelt lage ditt eige. Med ein raudvinslant som står att etter eit førjulselskap og litt krydder og sitrusfrukter er du godt i gang med ei original og smakfull julegåve.
Sjekk i skuffer og skap før du handlar inn, ofte vert slike heile krydder liggande og slenge i skuffene, og å sende dei ut av tida ved å bruke dei i gløggekstrakt gir god meining. Kanskje har du fersk ingefær, eller inntørka ingefær frå eit thaimåltid i grønsaksskuffen, den kan du også gjerne bruke. Skjer den i skiver og kast skivene i gryta. Pomeransskal kjøper eg på apoteket, finn du ikkje det kan du droppe det, eventuelt ha i litt meir appelsinskal.
Eg pyntar gåvene med fine lappar, som eg lagar med utstansa papir og påskrift med gullpenn. Bak på lappen kan du skrive korleis gløggekstrakten skal brukast; Varm opp ei flaske raudvin, og ha i ein desiliter gløggekstrakt. Smak til med brunt sukker, og server med hakka mandlar og rosiner i pene glas.
Appelsinmarmelade er alltid takknemleg å gi bort, folk blir så glade! Enkelte påstår at denne held seg i månadsvis, men eg har aldri opplevd at den varer lenger enn til første juledag om morgonen. Den smakar heilt fantastisk på rista brød med smør på. Prøv den også på rista julekakeskiver, utruleg godt.
Eple- og tegeléen er perfekt til ost, til tilslørte bondepiker (eller julepiker, med julekakerestar i desserten) eller som tilbehør til roastbiffen saman med litt sylta løk.
Appelsinmarmelade med vanilje
Skalet av tre appelsiner
600 g appelsinkjøt (pill ut steinane)
2,5 dl vatn
Ei vaniljestang
500 g sukker
safta av ein sitron
1 pose syltepulver
Vask appelsinane godt i varmt vatn, og skrell av det oransje skalet med ein potetskrellar. Snitt skalet fint i lange strimlar, og legg det i ei gryte med vatnet. Del vaniljestanga i to på langs, og skrap ut frøa. Ha stanga og frøa i gryta.
La dette koke opp saman med 300 gram av sukkeret, og la det stå og boble under lok eit kvarters tid medan du rører av og til. Skrell av det som er att av skalet, og fjern steinane. Veg opp slik at du har 600 g appelsinkjøt. Tre appelsinar brukar å vere nok, men det kjem jo an på storleiken.
Køyr appelsinkjøtet glatt i ei matmølle eller med ein stavmiksar. Ha fruktmosen og sitronsafta oppi vatnet som har kokt. La det koke opp. Bland resten av sukkeret med syltepulveret. Ta den varme marmeladen av plata, og rør inn sukkerblandinga. Rør til sukkeret er oppløyst, og det ikkje er klumpar. Fyll marmeladen på reine, varme glas.
Gløggekstrakt
1 dl raudvin
5 dl vatn
10 nellikspiker
5 kardemommefrø
1 stjerneanis
4 bitar kanel
2 bitar ingefær
1 bit sylta eller 3 ts tørka pomeransskal
1 appelsin
4 ss brunt sukker
Skrell appelsinen med ein potetskrellar, slik at du får med berre det oransje skalet. Knus krydderet i ein mortar. Ha det i gryta med vin, vatn, skalet og safta frå appelsinen samt sukkeret. La dette trekke under lok på svak varme i 30 minutt. Sil av, og la det kolne litt.
Fyll gløggekstrakten på reine, varme flasker, og bruk gjerne vinkorker til å tette med viss dei opprinnelege korkene er borte. I kjøleskapet held gløggekstrakten seg ein månads tid. Denne oppskrifta kan lett mangedoblast, om du har flasker nok å fylle det på.
Eple- og tegelé
2 liter usøta saft/juice av eple
1 ss eller fire posar Earl Grey-te
1 kg sukker
Ein pose fruktpektin (grøn pose frå Certo
Kok opp safta, og ha i teen. Eg brukar eit papirfilter som kan knytast igjen til teen, har du ikkje det må du sile eplesafta etter at den har trekt ferdig. Dra safta av plata, og la den stå i ti minutt og trekke. Sil frå teen, eller fjern teposane.
Kok opp safta på nytt, og ha i pektinpulveret. La det koke friskt i eit minutt. Ha i sukkeret, og kok til det har løyst seg opp. Hell geléen på nykokte glas som du fyller heilt opp, og skrur loket tett på med ein gong.
Ha ei fredeleg julehelg!
Alt godt, Gunda
Pingback: Spiselige julegaver til folket! – Elisabeths Eldorado