All posts tagged: jul

Dei siste julegåvene

Desse gode heimelaga gåvene fiksar du i løpet av ein kveld, viss du har gjort innkjøpa på førehand. Kanskje det blir ei gåve til deg sjølv? Gløggekstrakt treng ikkje koste to kroner på lokalbutikken, du kan enkelt lage ditt eige. Med ein raudvinslant som står att etter eit førjulselskap og litt krydder og sitrusfrukter er du godt i gang med ei original og smakfull julegåve. Sjekk i skuffer og skap før du handlar inn, ofte vert slike heile krydder liggande og slenge i skuffene, og å sende dei ut av tida ved å bruke dei i gløggekstrakt gir god meining. Kanskje har du fersk ingefær, eller inntørka ingefær frå eit thaimåltid i grønsaksskuffen, den kan du også gjerne bruke. Skjer den i skiver og kast skivene i gryta. Pomeransskal kjøper eg på apoteket, finn du ikkje det kan du droppe det, eventuelt ha i litt meir appelsinskal. Eg pyntar gåvene med fine lappar, som eg lagar med utstansa papir og påskrift med gullpenn. Bak på lappen kan du skrive korleis gløggekstrakten skal brukast; Varm opp …

Årets julelikørar

Heimelaga julegåver er alltid kjærkome. Folk har nok lysestakar og blomstervasar, det er trivelegare å få noko ein faktisk kan spise eller drikke. I år har eg slått meg på flaska, og laga eit knippe julelikørar som skal bli gåver til slekt og vennar. Fråhaldsfolk får sjå bort, dei skal få noko anna. Eg har laga ulike variantar, velg den som du trur smakar best, eller som inneheld det du har i ditt skap. Eg har også teke med oppskrift på sukkerlake, den er grei å bruke viss du syns likøren din er for skarp. Den må også med når du skal lage limoncello, den italienske sitronlikøren som du får servert etter eit godt og langvarig italiensk måltid. Det heile byrja med nokre flasker vodka, her kan du også bruke 45% sprit, men standard vodka er litt lettare. Så gjekk eg laus på skuffer og skap, og leitte igjennom for å finne tørka frukt og krydder som kunne brukast i likørane. Som den samlaren eg er så var det mykje å ta av. Eg har …

Sjokoladecookies med aprikos

Det blir jul i år og, sjølv om vi ikkje akkurat er i rute. I år er eg skikkeleg bakpå, har ikkje meir enn to slag kaker i boks. Så eg måtte finne nokre enkle ting eg kunne lage fort og gale som gir familien kjensla av jul tilbake. Ein treng nemleg ikkje gjere ting så komplisert. Det viktigaste med jula er trass alt å kose seg. Invitere vennar og familie innom på enkel servering, lage noko enkelt, men smakfullt til dessert, og kanskje gi bort noko av det du har laga sjølv. Folk har jo alt dei treng, og det dei treng det skaffar dei seg sjølve. Då kan gåvene like gjerne vere spiselege, som til dømes desse gode sjokoladekjeksa. Eller cookies, som ungdommane og kjeksfabrikantane kallar dei. Det å få ein boks med deilige heimelaga kjeks er den beste gåva, syns eg. Desse er intenst søte og rike på sjokoladesmak, og då vert den friske smaken av aprikos ein god smaksmessig variasjon. Har du mjukt smør ståande på benken så går desse overraskande …

Julehuset

Pepparkakehus høyrer alltid med til vår jul, sjølv no etter at borna mine har blitt store. Det er viktig å ha ein god deig som er lett å jobbe med, og som rekk til eit hus, mange store hjarte og endå nokre figurar som kan illudere dei som bur i det fine huset. Det finst mange pepparkakeoppskrifter, og resultatet kan variere. Eg har gode erfaringar med deigen under, der ein kokar opp sukker, smør og sirup. I nokre oppskrifter har ein også i fløyten når ein kokar det heile opp, då tek kolninga lenger tid. Når ein kokar opp smør, sirup og sukker vert sukkerkorna løyst opp godt. Eg har prøvd deigar der smør og sukker er rørt kvitt. Då vert steikeflata meir ujamn, og ein ”ser” spora etter sukkeret. Uansett lønner det seg å lage deigen dagen før ein skal bake. Då rekk den å bli kald og fin, og ”sette seg”, slik at den er lett å jobbe med. Pyntinga av huset foregår etter alle kunstens reglar. Vi limar huset i hop på …

Kreativ gjenbruk av julemat – kalkungrateng

Hadde du og kalkun i romjula? Det hadde eg, og då seks svoltne hadde blitt proppmette sto eg att med nesten ein kilo deilig kalkunkjøt i ein boks. Dette kjøtet sette eg i kjøleskapet, og i dag tok eg det fram att. kva gjer ein med slikt kjøt? Pytt i panne er eit alternativ, men det eg gjekk for i dag var å lage ein grateng av det. Eg lagar både fiskegrateng og pølsegrateng, så kvifor ikkje ein kalkungrateng? Ein grateng er basert på ein bechamel-saus, ein kvit saus som du kan smaksette på forskjellig vis. I dag brukte eg røykt paprika, muskat og salt og peppar, og så hadde eg frosne erter i frysaren og ein purre som fekk vere med på moroa. For øvrig kan ingrediensane varierast etter kva du har i huset. Har du sprøsteikt bacon etter lutefisklaget på fjerdedag, så ha det i gratengen. Har du ikkje erter, men brekkbønner, så putt dei i. Har du smørsteikt sopp så er det godt i. Stuffingrestar er knallgodt i gratengen. Bytt gjerne ut …

Nyttårskalkunen – slik gjer du det!

Kalkun er det mest populære å servere på nyttårsaftan, i følge Prior sin statistikk. Det er ikkje utan grunn, det ser flott ut, og smakar veldig godt. Det kan  lett gå gale med kalkun, det verste er eigentleg om den blir tørr og trist. Det blir den viss du steiker den for lenge. Samtidig vil ein jo at maten skal vere trygg, og då bør ein ha oppnådd ein viss temperatur. Kjernetemperaturen på kalkunbrystet bør vere ca. 64-66 grader. Viss du googlar litt vil du finne alle variantar av teknikkar for å få til den perfekte kalkunen. Enkelte læmar han sund, og steiker bryst og lår for seg, andre styrer med isposar eller andre nedkjølingsmekanismer for å halde brystet litt kaldare enn resten av kalkunen. Eg har funne ut at det beste er å bruke steiketermometer, ikkje det innebygde, men eit eige som du brukar for å måle meir nøyaktig. Den steiketida som vanlegvis vert oppgitt, 1/2 time per kg. fugl, er litt mykje syns eg. Ta kalkunen ut etter to timar viss den er …

Karamellpudding

Å lage dessert er ei stor glede. Du har god tid, og kan lage den dagen før. Dermed kan du møte gjestane dine med senka skuldrar når dei bankar på døra. Alle likar dessertar. Etter ein god middag vert desserten prikken over i-en. Maten vert drygare med ein dessert til slutt, du kan rekne at det går litt mindre av hovudretten når du varslar at det er ein deilig dessert i vente. I dei fleste oppskriftene på gode juledessertar skal det vere vaniljesukker. Finn du ekte vaniljesukker, så kjøp det, og finn du det ikkje så mas på butikksjefen der du handlar for å få han til å ta det inn.  Det smakar SÅ mykje betre enn vanleg vanilin-vaniljesukker, som er smaksett med kunstig vanilje. Merket er Tørsleffs, og grossisten heiter Haugen-gruppen, kan du seie til kjøpmannen din. Cemo krydder har også ekte vaniljesukker. Du kan sjølvsagt også lage ditt eige, ved å putte brukte vaniljestenger i eit glas med fint sukker. Karamellpudding må du lage minst dagen før den skal serverast. Den held seg …

Heimelaga medisterkaker

Heimelaga medisterkaker er berre noko av det beste, altså. Det går langt utanpå dei du får kjøpt i butikken. Med ei god krydring og med medisterdeig frå den same gode slaktaren som leverer ribba di har du kontroll på kva du set på bordet. Denne porsjonen held til ti-tolv medisterkaker, to til kvar ved bordet, og ei til kvar til nattmat. Husk på at viss du kjøper medisterfarse treng du ikkje spe og krydre den. Den er ferdig spedd frå butikken. Medisterdeigen vert altså til farse undervegs. Medisterdeig som du kjøper skal vere utan salt, vatn og krydder. Det er krydringa som gjer susen med heimelaga medisterkaker. Rå deg gjerne nytt, ferskt krydder i staden for å bruke det som har lege i skapet leeenge, og mist smaken. Eller bruk heil muskatnøtt som du riv, og allehånde som du knusar i mortar. Då blir det skikkeleg smak på medisterkakene. Slik gjer eg det: Medisterkaker 500 g medisterdeig 1 strøken ts salt Eitt egg 2 ss potetmjøl 1/2 dl vatn eller mjølk 1 krm malt allehånde 1 krm …