Allergi, Billig mat, Fest, Jul, Kjøtt, Middag
Comments 3

Heimelaga medisterkaker


Heimelaga medisterkaker er berre noko av det beste, altså. Det går langt utanpå dei du får kjøpt i butikken. Med ei god krydring og med medisterdeig frå den same gode slaktaren som leverer ribba di har du kontroll på kva du set på bordet. Denne porsjonen held til ti-tolv medisterkaker, to til kvar ved bordet, og ei til kvar til nattmat.

Husk på at viss du kjøper medisterfarse treng du ikkje spe og krydre den. Den er ferdig spedd frå butikken. Medisterdeigen vert altså til farse undervegs. Medisterdeig som du kjøper skal vere utan salt, vatn og krydder. Det er krydringa som gjer susen med heimelaga medisterkaker.

Rå deg gjerne nytt, ferskt krydder i staden for å bruke det som har lege i skapet leeenge, og mist smaken. Eller bruk heil muskatnøtt som du riv, og allehånde som du knusar i mortar. Då blir det skikkeleg smak på medisterkakene. Slik gjer eg det:

Medisterkaker

500 g medisterdeig

1 strøken ts salt

Eitt egg

2 ss potetmjøl

1/2 dl vatn eller mjølk

1 krm malt allehånde

1 krm nyriven muskat

2 krm svart peppar

Smør eller margarin til steiking

Rør deigen seig med saltet. Ha i eit egg, og rør godt. Rør inn krydder, potetmjøl og væske. Eg brukar kjøkkenmaskin til dette, då får eg rørt farsen godt og lenge, slik at den vert seig og kakene vert saftige.

Form farsen til passe store kaker, og steik dei i smør eller margarin til dei er pent brune. Når dei har fått fin farge rundt det heile, men framleis har ein rå kjerne, kan du slå på kjøtkraft, og la dei koke ferdige i krafta. Krafta kan du bruke til ribbesausen saman med sjya frå ribba.

Desse medisterkakene er glutenfrie, og mjølkefrie viss du sper med vatn og steiker dei i mjølkefri margarin eller olje.

Kos deg med julematen, og god jul!

3 Comments

  1. Gunn-Torill says

    Eg skal også lage medisterkaker, men eg gjer slik svigermor mi brukte å gjere det – nemleg å blande karbonadedeig og medisterdeig. Kanskje eg skal prøve krydringa di i år?

    Likar

  2. Tone says

    Jeg lager også medisterkaker, og bruker omtrent samme krydderblanding. Men jeg bruker kun svinekjøttdeig og rømme som væske. De blir veldig gode 🙂

    Likar

  3. spennende! i år har vi kjøttkaker til ribba, hjemmelaget av reinsdyret vi parterte i høst. Høvdingen er klar for å begynne å lage pølser ; værsågod sier jeg…

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s