All posts tagged: julemiddag

Sjølvaste ribba

No er det like før den store kvelden, då ribba med tilbehør skal på bordet. Eg prøver å vere prinsippfast, men gong på gong vert eg overstyrt. Eg vil at vi skal velge på julaftan, enten fåreribbe med tilbehør, eller svineribbe med tilbehør. Men der eg vaks opp blandar dei alt, så rabbestappe og raudkål står side om side på bordet. Dei mange åra eg har tilbrakt på austlandet har gjort at eg har lært noko om svineribbe, så difor lagar eg det i år. Her skal du få dei triksa eg har lært meg for å få den perfekt. Eigentleg er svineribbe svært enkel mat. Men ribbeprodusentane prøver å rote det til som best dei kan, og dei presenterer stadig nye variantar av ribba med vekslande resultat. To gongar før jul har eg prøvd ut dei ferdigkrydra ribbene, den eine frå ein Rimi-butikk, den andre vart kjøpt hos Coop. Begge gongane har det blitt mislykka. Den eine bles seg opp som ein sperreballong i god tid før utløpsdato. Eg sende ein mail til produsenten, …

Krydra dessertklementinar

Desse dessertklementinane er deilige etter ein tung julemiddag. Dei er også fine å gi bort, enten som julegåve til dei som har alt, eller som vertinnegåve. Legg dei på eit pent glas, og slå eit band rundt. Du kan også ta dei med til ein buffé viss du vert spurt om eit bidrag. Eg har skore mine i skiver, men har du god tid slik at dei får ligge på glas nokre dagar, så lag dei gjerne heile. Når du skal lage denne desserten, så sjå om du finn ganske små klementinar. Sjekk dei på førehand om dei er bitre på smak, eller om dei er fulle av steinar. Det er ikkje så stas. Bruk dei små, søte klementinane, så får du det beste resultatet. Dessertklementinar 10 klementinar Lake 6 dl vatn 4 dl sukker 3 kanelstenger 3 stjerneanis Ei vaniljestang Splitt vaniljestanga. Kok opp vatn og sukker, og legg i krydderet. La det småkoke i fem minutt. Skrell klementinane med kniv ved at du skjer av toppen og botnen, og så lar du kniven gli …

Heimelaga medisterkaker

Heimelaga medisterkaker er berre noko av det beste, altså. Det går langt utanpå dei du får kjøpt i butikken. Med ei god krydring og med medisterdeig frå den same gode slaktaren som leverer ribba di har du kontroll på kva du set på bordet. Denne porsjonen held til ti-tolv medisterkaker, to til kvar ved bordet, og ei til kvar til nattmat. Husk på at viss du kjøper medisterfarse treng du ikkje spe og krydre den. Den er ferdig spedd frå butikken. Medisterdeigen vert altså til farse undervegs. Medisterdeig som du kjøper skal vere utan salt, vatn og krydder. Det er krydringa som gjer susen med heimelaga medisterkaker. Rå deg gjerne nytt, ferskt krydder i staden for å bruke det som har lege i skapet leeenge, og mist smaken. Eller bruk heil muskatnøtt som du riv, og allehånde som du knusar i mortar. Då blir det skikkeleg smak på medisterkakene. Slik gjer eg det: Medisterkaker 500 g medisterdeig 1 strøken ts salt Eitt egg 2 ss potetmjøl 1/2 dl vatn eller mjølk 1 krm malt allehånde 1 krm …

Raudkål til ribba

Eigentleg er ein klassisk ribbemiddag ganske enkel å lage. Ribba lagar seg sjølv meir eller mindre, og å lage saus av sjya er ikkje så komplisert. Å varme opp ein pose eller to med raudkål er også lettvint. Men ordentleg heimelaga raudkål er ikkje komplisert, og det er litt stas å kunne sette heimelaga raudkål på bordet. Eg bakar min raudkål i omnen, men du kan også lage den i gryte. Då treng den litt meir stell for å ikkje svi seg. Raudkålen kan godt lagast eit par dagar før julaftan. Den blir berre betre av å få stå kjøleg frå den er ferdig til den skal serverast. Denne porsjonen er til åtte personar, og får du raudkål til overs toler den godt frysing. Slik gjer eg det: Raudkål 1 kg raudkål 2 syrlege eple, til dømes Granny Smith 1 gul løk 1 sjalottløk 2 nellikspiker 2 dl kjøtkraft eller buljong 1 dl eplecider eller eplejuice 1 ss balsamicoeddik 2 ts brunt sukker Salt og peppar Set steikeomnen på 200 grader . Snitt kålen fint. …