Billig mat, Jul, Middag, Tilbehør, Veggis
Comments 2

Raudkål til ribba


Eigentleg er ein klassisk ribbemiddag ganske enkel å lage. Ribba lagar seg sjølv meir eller mindre, og å lage saus av sjya er ikkje så komplisert. Å varme opp ein pose eller to med raudkål er også lettvint.

Men ordentleg heimelaga raudkål er ikkje komplisert, og det er litt stas å kunne sette heimelaga raudkål på bordet. Eg bakar min raudkål i omnen, men du kan også lage den i gryte. Då treng den litt meir stell for å ikkje svi seg.

Raudkålen kan godt lagast eit par dagar før julaftan. Den blir berre betre av å få stå kjøleg frå den er ferdig til den skal serverast. Denne porsjonen er til åtte personar, og får du raudkål til overs toler den godt frysing. Slik gjer eg det:

Raudkål

1 kg raudkål

2 syrlege eple, til dømes Granny Smith

1 gul løk

1 sjalottløk

2 nellikspiker

2 dl kjøtkraft eller buljong

1 dl eplecider eller eplejuice

1 ss balsamicoeddik

2 ts brunt sukker

Salt og peppar

Set steikeomnen på 200 grader .

Snitt kålen fint. Skrell og rens epla, og riv dei grovt. Finsnitt den gule løken. Skrell sjalottløken, og stikk to hol i den. Stikk nellikspikrane inn i sjalottløken. Legg kål, eple og gul løk lagvis i ei eldfast form. Legg sjalottløken med nellik mellom laga. Slå på cider, kraft og eddik. Dryss på sukker og ei teskei salt. Legg på lok eller lag eit lok i dobbel aluminiumsfolie og brett over forma. La raudkålen bake i 2 timar.

Smak til raudkålen med meir sukker og salt viss det trengst, og kvern over svart peppar før du serverer den.

Edit: Og apropos heimelaga julegåver; eit glas heimelaga raudkål er ei kjempefin spiseleg julegåve! Men den bør oppbevarast kjøleg heile vegen, så ikkje send glaset i norgespakke til tante Olga i Kåfjord. 🙂 hjemmelaget rødkål

2 Comments

  1. Christine says

    Heisan! Bør jeg fryse rødkålen? Skal spises julaften og lages nå! Spennende oppskrift forresten, så denne måtte prøves!

    Likar

  2. Neida, skal du servere den på laurdag held den seg fint i kjøleskapet – viss du har plass. 😉

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s