Hadde du og kalkun i romjula? Det hadde eg, og då seks svoltne hadde blitt proppmette sto eg att med nesten ein kilo deilig kalkunkjøt i ein boks.
Dette kjøtet sette eg i kjøleskapet, og i dag tok eg det fram att. kva gjer ein med slikt kjøt? Pytt i panne er eit alternativ, men det eg gjekk for i dag var å lage ein grateng av det. Eg lagar både fiskegrateng og pølsegrateng, så kvifor ikkje ein kalkungrateng?
Ein grateng er basert på ein bechamel-saus, ein kvit saus som du kan smaksette på forskjellig vis. I dag brukte eg røykt paprika, muskat og salt og peppar, og så hadde eg frosne erter i frysaren og ein purre som fekk vere med på moroa.
For øvrig kan ingrediensane varierast etter kva du har i huset. Har du sprøsteikt bacon etter lutefisklaget på fjerdedag, så ha det i gratengen. Har du ikkje erter, men brekkbønner, så putt dei i. Har du smørsteikt sopp så er det godt i. Stuffingrestar er knallgodt i gratengen. Bytt gjerne ut ertene med paprika i terningar, eller raudløk. Slik gjorde eg det:
Kalkungrateng
3 ss kveitemjøl
6-8 dl mjølk
Salt, peppar og 1/4 ts muskat
1 ts røykt paprikapulver om du har
400-600 g kalkunkjøt i terningar
400 g frosne erter
Ein purre
Eit egg
strøkavring
Sett steikeomnen på 200 grader.
Smelt smøret i ei tjukkbotna gryte. Rør inn mjølet, og la det surre litt medan du rører. Spe i mjølka, og la det heile koke opp medan du rører. La sausen koke seg tjukk og fin, den skal ha konsistens omtrent som rømmegraut, altså ganske tjukk. La den koke nokre minutt slik at mjølsmaken vert borte.
Ta gryta til side, og rør inn paprikapulver og muskat, og smak til med salt og peppar. Vend inn kalkunkjøt, grøne erter (dei treng ikkje å ha tint først) og finhakka purre. Vend inn egget til slutt. Smak om det trengst meir salt og peppar.
Hell smeten opp i ei eldfast form, og dryss strøkavring eller knust knekkebrød over. Bak gratengen i ca. 30 minutt, til den er gyllen og fin.
Server kalkungratengen med steikte poteter, det du måtte ha av ekstra grønsaker, og ketchup til dei små.