All posts tagged: Kalkun

Kreativ gjenbruk av julemat – kalkungrateng

Hadde du og kalkun i romjula? Det hadde eg, og då seks svoltne hadde blitt proppmette sto eg att med nesten ein kilo deilig kalkunkjøt i ein boks. Dette kjøtet sette eg i kjøleskapet, og i dag tok eg det fram att. kva gjer ein med slikt kjøt? Pytt i panne er eit alternativ, men det eg gjekk for i dag var å lage ein grateng av det. Eg lagar både fiskegrateng og pølsegrateng, så kvifor ikkje ein kalkungrateng? Ein grateng er basert på ein bechamel-saus, ein kvit saus som du kan smaksette på forskjellig vis. I dag brukte eg røykt paprika, muskat og salt og peppar, og så hadde eg frosne erter i frysaren og ein purre som fekk vere med på moroa. For øvrig kan ingrediensane varierast etter kva du har i huset. Har du sprøsteikt bacon etter lutefisklaget på fjerdedag, så ha det i gratengen. Har du ikkje erter, men brekkbønner, så putt dei i. Har du smørsteikt sopp så er det godt i. Stuffingrestar er knallgodt i gratengen. Bytt gjerne ut …