Jul, Noko søtt
Leave a Comment

Sjokoladecookies med aprikos

Det blir jul i år og, sjølv om vi ikkje akkurat er i rute.

I år er eg skikkeleg bakpå, har ikkje meir enn to slag kaker i boks. Så eg måtte finne nokre enkle ting eg kunne lage fort og gale som gir familien kjensla av jul tilbake.

Ein treng nemleg ikkje gjere ting så komplisert. Det viktigaste med jula er trass alt å kose seg. Invitere vennar og familie innom på enkel servering, lage noko enkelt, men smakfullt til dessert, og kanskje gi bort noko av det du har laga sjølv. Folk har jo alt dei treng, og det dei treng det skaffar dei seg sjølve. Då kan gåvene like gjerne vere spiselege, som til dømes desse gode sjokoladekjeksa. Eller cookies, som ungdommane og kjeksfabrikantane kallar dei. Det å få ein boks med deilige heimelaga kjeks er den beste gåva, syns eg.

Desse er intenst søte og rike på sjokoladesmak, og då vert den friske smaken av aprikos ein god smaksmessig variasjon. Har du mjukt smør ståande på benken så går desse overraskande fort å lage. Lag deigen den eine kvelden, så kan du steike kjeksa dagen etter. Eller når gjestane ringer på, for den del. Skjer av så mange skiver som du vil servere, og imponer med sylfersk bakst.

IMG_6101

160 g mjukt smør

2 dl demerarasukker

200 g vanleg kvitt sukker

2 egg

240 g kveitemjøl

100 g kakao

2 ts natron

200 g hakka mørk sjokolade

200 g hakka kvit sjokolade

100 g hakka tørka aprikosar

Set omnen på 175 grader.

Ta unna litt kvit sjokolade, og grovhakk resten saman med den mørke sjokoladen. Bland mjøl, kakao, natron, aprikos og hakka sjokolade i ein bolle. Pisk smør og sukker lyst og luftig. Rør inn egga eit og eit, og vend til slutt inn kveitemjølblandinga. Form det til ein deigrull. La rullen kvile i kjøleskapet i ein times tid.

Skjer rullen i skiver, og legg skivene på eit steikebrett med bakepapir på. La kakene steike i omnen på 175 grader i ca. 10 minutt. Når kakene er heilt kalde kan du smelte litt kvit sjokolade og ringle over til pynt, om du vil.

IMG_6191

This entry was posted in: Jul, Noko søtt
Tagged with: ,

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply