Nei, ikkje det inne, men juletreet som vi har ute til felles med resten av dei som bur i same gård som oss. Det tente vi i dag, vi er alltid litt seint ute hos oss.
Det står midt i ein runding som er blomsterbed om sommaren. Dei gamle damene insisterer på at det har stått her alltid, og blir rasande når vaktmesteren fjernar det om våren. Tredje søndag i advent tenner vi lysa i det, går rundt det og syng julesangar. Kona til vaktmesteren lagar gløgg og ordnar med pepparkaker og alt som skal til.
Kvart år kjem det nye eittåringar ut, dei har vakse seg store og ut av vogna i løpet av hausten. Det er ei lita bygd, ein slik gård.
for et fantastisk bilde! det må ha blitt tatt av en fantastisk fotograf! 🙂
Det vart det! 😀
Det er noe “svensk julekort” over dette. Svært heldig 😀 Rettelse: jeg mente selvsagt: svært dyktig 😉
Takk! Fotografen er altså trettenåringen, som kommenterer over her. 😉
Ser veldig koselig ut!