Billig mat, Mat, Middag, Sausar og dippar, Tilbehør
Comment 1

Kjapp kvardagsmat

IMG_1040Trettenåringen og eg er heime åleine, og vi gjer det enkelt for oss sjølve. I dag byrja eg med tre skrelte gulrøtter, to vårløkar, ein salmalaks og ordentleg smør. Eg har fått meg eit juliennejern, ein liten dings som snittar grønsaker i lange, fine strimlar. Då kokar dei fortare, er lekrare på tallerkenen og fristar desse sære ungane mine. Gulrotpasta kallar vi det.

Eg byrja med å sette på poteter til koking, og sette koketida til 25 minutt. Med dei ferske potetene du finn i butikken no er det nesten i overkant, spesielt dei som ikkje er så store og med lyst skal. Dette er ikkje vitskapeleg bevist, berre min høgst mangelfulle hukommelse frå tidlegare potetkokingar.

Så lagde eg ein kjapp hollandaise. Slik gjorde eg det:

Heimelaga hollandaise

4 eggeplommer (det er sikkert nok med tre, eg hadde fire, så dei gjekk i.)

2-3 ss vatn

100 g mjukt smør

sitronsaft, salt og peppar

Ha vatnet og eggeplommene i ein stålbolle som du set oppi ei gryte med kokande vatn. Pass på at det er tett rundt kanten. Bruk ein ballongvisp, og pisk eggeplommene luftige. Pisk i smøret skei for skei. Det skal vere så mjukt at det nesten dryp av det. Ta det heile av varmen, og smak til med sitronsaft, salt og peppar.

IMG_1056Gulrotspagetti

3 skrelte gulrøtter

2 vårløk

1 ss smør

1 dl kvitvin eller vatn med sitronsaft

2-3 ss hakka persille

Sukker, salt og peppar

Strimle gulrøttene med eit juliennejern, eller ved at du skjer dei i tynne strimlar først eine vegen, og så andre vegen. Dette er lettast å gjere viss du delar dei i to tommelfingerlange bitar først.

Smelt smøret i ei gryte, og ha i løken. La den surre litt før du har i gulrøttene. La gulrøttene bli godt gjennomvarme medan du har i litt salt og peppar og rører jamnt og trutt. Slå på vin eller vatn og sitronsaft. Du kan og bruke ein liten skvett mild eddik saman med vatnet viss du ikkje har vin eller sitronsaft. La det frese nokre minutt. Strø på sukkeret og persillen, rør det inn og sett gryta til side med lok på.

Beregn 180 gram salmalaks per person. Skjer laksen i porsjonsstykke, og ha på godt med salt og peppar. Smelt 2 ss smør i ei steikepanne på høg varme. Steik laksen i to minutt på kvar side. Server med kokte poteter, gulrotspagetti og hollandaise. Hollandaise kan også lagast frå pose, sjølvsagt, men det har du ikkje frå meg. 😉

1 Comment

  1. Å, jeg har nettopp lest masse i en råkostbok og der stod det om et sånt jern og at man kunne lage grønnsaks”pasta”! Hmmh, jeg vil og ha sånn jern og lage gulrotspaghetti!

Leave a Reply