Vi har vore på viktig oppdrag i Vestfold i dag, planlegging av stad og logistikk rundt eit staseleg bryllup neste sommar.
På vegen stakk vi innom Rosehaven på Gamle Horten gård, ein lekker liten kafé som sel fine, heimelaga smørbrød, salatar og varm sjokolade.
– Og denne deilige butterdeigsnurren, med sjokolade og vaniljekrem. Eg har framleis litt mageknip, men det var verd det.
Men du får ikkje berre god servering i Rosehaven, du kan kjøpe lokale matprodukt og andre spesialitetar som ein bør ha i skapet heime. Lekkert, ikkje sant?
Minner om Hesnes gartneri, som jeg blogget om i sommer. Det er veldig trivelig med sånne steder. Måtte vi være flinke til å bruke dem så de overlever!