Billig mat, Fest, Heidi, Mat, Noko søtt, Oppskrifter for barn, Tilbehør, Veggis
Comments 2

Øving gjer mester


I går lærte du grunnprinsippa for å få ein god gjærdeig, i dag får du oppskrifter å øve deg på. Ein ting er sikkert; det er ingenting betre enn nysteikt gjærbakst i huset. Det trengst ikkje mykje i tillegg då for å lage fest. Lykke til med bakinga!

Alt godt

Aniskringler

80 gram margarin

3 1/2 dl mjølk

80 gram sukker (ca 1 dl)

50 gram gjær (1 pakke)

1 egg

4 ts anisfrø

ca 10-11 dl sikta kveitemjøl

Smelt margarinen og varm margarin og mjølk til 37 grader. Hell dette over i ein bakebolle og tilsett sukker. Rør gjæra ut i deigvæska. Visp egget inn saman med gjæra og tilsett anisfrø. Ha i det sikta kveitemjølet litt etter litt til du får ein passe fast deig. Set deigen til heving i 25 minutt med eit handkle over. Legg deigen på bakebord strødd med mjøl, og form han til ein tjukk pølse som du deler i 20 stykke.

Trill kvart emne til ei pølse som er ca 35 cm lang. Lag ei kringle av kvar pølse. Sett kringlene på to steikebrett med bakepapir og la dei etterheve i 25 minutt med eit handkle over. Rett før du set dei i omnen penslar du dei med ei blanding av eit samanpiska egg og 1/2 dl mjølk. Strø gjerne litt anisfrø over dei.  Steik kringlene ved 210 grader midt i omnen i ca 15-20 minutt.

Kveitebollar

80 gram margarin

5 dl mjølk

50 gram gjær (1 pakke)

6 ss sukker

1 ts kardemomme

1 ts bakepulver

ca 11-12 dl sikta kveitemjøl

Smelt margarin og varm margarin og mjølk til 37 grader. Hell dette over i ein bakebolle og rør gjæra ut i deigvæska. Tilsett sukker og kardemomme. Ha i bakepulver og kveitemjøl litt om gangen til du får ein smidig deig som ikkje er for laus men heller ikkje for fast. La deigen heve med eit handkle over i 25 minutt. Legg deigen på eit mjøla bakebord og kna deigen til ein stor bolle som du så lager ei stor pølse av. Del denne i 18-20 stykker.

Trill ut bollar og legg dei over på to steikebrett med bakepapir under. Putt i rosiner viss du likar det. Etterhev bollane i 20 minutt med eit klede over. Pensle dei med ei blanding av eit samanpiska egg og 1/2 dl mjølk. Steik bollane ved 210 grader midt i omnen i ca 10-15 minutt.

Grovbrød

5 dl mjølk

5 dl vatn

50 gram gjær (1 pakke)

1 ss sukker

1 ts salt

2 ss soyaolje

1/2 dl linfrø

1 dl solsikkefrø

8 dl grov sammalt kveite

5 dl havregryn, lettkokte

ca. 12 dl sikta kveitemjøl

Varm mjølk og vatn til 37 grader. Rør gjæra ut i deigvæska. Tilsett sukker, salt, soyaolje og frøa. Ha i sammalt kveite og havregryn. Ha i det sikta kveitemjølet til slutt litt etter litt til du får ein passe fast deig. Set han til forheving i ein time. Kna ut to brød og ha dei i to 2 liters brødformer som du må smørje godt. Set brøda til etterheving i ein time. Steik brøda på nederste rille ved 220 grader i ca 45 minutt.

2 Comments

  1. Ah, hvetebakst… Det er mye lykke i en gjærdeig, det er sikkert (i alle fall hvis den hever som den skal). Foreløpig sliter jeg litt med mangel på kjøkkenvekt, men med tiden skal jeg prøve meg på oppskriftene dine!

    Likar

  2. Kjøkkenvekt er viktig, den er gull verd for meg. Når eg skal vege opp smør set eg bakebollen (eller gryta viss det skal smeltast) på vekta, og nullstiller den. Så har eg i smøret, og får rett mengde. Så ei kjøkkenvekt med tilvegingsfunksjon er det du treng.

    Viss smørmengda er oppgitt i dl, og du har fast smør, har eg eit triks, der Arkimedes si lov er involvert: Fyll eit litermål opp med kaldt vatn til 1 liter minus det volumet du skal ha. (Skal du ha 2,5 dl smør, så fyll litermålet opp med 7,5 dl kaldt vatn.)Slepp smøret oppi i bitar litt og litt, og når du har nådd ein liter har du rett smørmengde. Så er det berre å fiske opp smøret, la det renne av og ha det i bollen eller gryta. Smart?

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s