Kaker, Mat, Noko søtt
Leave a Comment

Sitronkake med macadamia-nøtter

Denne kaka vart veldig god, om eg skal seie det sjølv. Og sjølvskryt skal ein som kjent høyre på, for det kjem frå hjarta. Kaka er basert på ei klassisk formkakeoppskrift, som svenskane kallar sockerkaka og engelskmennene kallar pound cake, fordi dei rausaste variantane er laga med like mengder smør, sukker og mjøl.

I og på kaka har eg macadamia-nøtter. Eg kjøper dei når eg er i utlandet, eg har enno til gode å sjå dei i norske butikkar. Får du ikkje tak i kan du bruke hasselnøtter som du ristar og gnir skalet av, men eg lovar deg, får du tak i macadamia-nøtter blir dette ein smakseksplosjon. Alle rundt bordet tok to stykke sist eg lagde den, og då var opptil fleire visstnok på slankekur. Men denne kaka avlyser alle slankekurar. Toppingen er ein variant av toscakaketopping, som skal bake med kaka dei siste minutta slik at den karamelliserer seg. Nyt den!

Versjon 2Sitronkake med macadamia-nøtter

150 g mjukt smør

200 g sukker

3 egg

1 ts vaniljesukker

200 g mjøl

1 ts bakepulver

Skalet av ein sitron

Saft av ein halv sitron

1 dl mjølk

300 g nøtter, helst macadamia

Sett omnen på 175 grader. Smør ei form som rommar 1,5 liter, og dryss den med mjøl.

Hakk nøttene, og sett til side. Riv skalet av sitronen med det finaste rivjernet du har. Press safta av den eine halvdelen av sitronen.

Ha smør og sukker i ein bolle, og pisk det lyst og luftig. Ha i egga eitt og eitt, og pisk dei inn.

Bland det tørre i ei skål, og vend det inn i smørblandinga vekselsvis med mjølka. Vend inn halvparten av nøttene. Ha i sitronsaft og skal til slutt.

Hell røra i forma, og bak kaka i 30-35 minutt. I mellomtida lagar du nøttetoppingen:

IMG_3361Nøttetopping

150 g sukker

150 g smør

150 g hakka nøtter

2 ss kveitemjøl

4 ss mjølk

Smelt smøret i ei gryte. Bland sukker, hakka nøtter og mjøl, og ha det oppi smøret. Ha i mjølka til slutt. La blandinga koke i 2-3 minutt medan du rører godt i botnen. Denne glasuren kan legge seg i grytebotnen viss du ikkje passar på.

Ta kaka ut, og brei over glasuren.

Steik kaka på nytt i 10-15 minutt, slik at glasuren vert pent brun. Siste runde kan du godt sette kaka ei rille høgare i omnen. Følg med så glasuren ikkje vert brend. Sjekk med ein spagettipinne om kaka er gjennomsteikt.

Ta kaka ut, og la den kolne før du løfter den ut av forma. Denne kaka bør lagast ei stund før den skal serverast. Elles er den veldig vanskeleg å skjere opp. Bruk ein skarp konditorkniv, og skjer med sagande tak gjennom karamelltoppen først.

This entry was posted in: Kaker, Mat, Noko søtt
Tagged with: ,

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply