All posts tagged: sitronkake

Sitronkake med macadamia-nøtter

Denne kaka vart veldig god, om eg skal seie det sjølv. Og sjølvskryt skal ein som kjent høyre på, for det kjem frå hjarta. Kaka er basert på ei klassisk formkakeoppskrift, som svenskane kallar sockerkaka og engelskmennene kallar pound cake, fordi dei rausaste variantane er laga med like mengder smør, sukker og mjøl. I og på kaka har eg macadamia-nøtter. Eg kjøper dei når eg er i utlandet, eg har enno til gode å sjå dei i norske butikkar. Får du ikkje tak i kan du bruke hasselnøtter som du ristar og gnir skalet av, men eg lovar deg, får du tak i macadamia-nøtter blir dette ein smakseksplosjon. Alle rundt bordet tok to stykke sist eg lagde den, og då var opptil fleire visstnok på slankekur. Men denne kaka avlyser alle slankekurar. Toppingen er ein variant av toscakaketopping, som skal bake med kaka dei siste minutta slik at den karamelliserer seg. Nyt den! Sitronkake med macadamia-nøtter 150 g mjukt smør 200 g sukker 3 egg 1 ts vaniljesukker 200 g mjøl 1 ts bakepulver Skalet …