Noko søtt, Veggis
Leave a Comment

Årets siste rabarbraoppskrift – eg lovar.

Ja, eg veit eg har vore inne i ein rabarbrastim. Men eg har tilgang til mykje rabarbra i hagen her, og dessutan er det så godt. Og ikkje minst, alle rabarbrakaker og dessertar kan stort sett lagast med andre frukttyper og. Så oppskriftene kjem til nytte året rundt.

Dagens dessert er ei deilig rabarbrakake. Mange seier at ein ikkje skal spise rabarbra etter jonsok, for den har for mykje oksalsyre. Men så lenge du er flink og et av rabarbraen din kan du trygt spise dei nye stilkane som veks opp.

I denne kaka brukte eg kremost med vanilje som er laga for baking. Den er ferdig søta, og smaksett med vanilje. Du kan også bruke ein vanleg naturell kremost, då bør du tilsette tre-fire spiseskeier sukker og litt vaniljesukker i ostekremen. Krydderet kan sløyfast, viss du vil ha ein meir nøytral smak på kaka. Slik lagar du den:

IMG_4130Rabarbrakake med ostekrem

150 g (ca. 2,5 dl) kveitemjøl

1,5 dl havregryn

1,5 dl brunt sukker

125 g smør

½ ts salt

1 ts kanel

1/2 ts kardemomme

250 g kremost med vanilje til baking

Eit egg

ca. 250 g rabarbra (Ca. tre store stilkar)

Ha mjøl, havregryn, sukker, smør, salt  og krydder i ei matmølle, og køyr det til ein grynete masse. Press massen saman om den vert for tørr. Del massen i to. Fyll halvparten i ei lita form, mi er kvadratisk, og ca. 20×20 cm.  Press massen saman til ein fast botn.

Pisk kremosten glatt med egget, og hell ostemassen oppå kakebotnen. Skjer rabarbraen i små bitar, og dryss dei over ostemassen. Smuldre resten av deigen over rabarbraen, og steik kaka på 200 grader i 30-35 minutt.

Server rabarbrakaka med ei kule is, eller med litt vaniljekesam.

Denne kaka kan også skjerast i ruter og takast med på tur i ein tett boks. Den er ein perfekt “energibar” til å innta på ein fjelltopp.

Leave a Reply