All posts tagged: turmat

Snurrar på tur

Helgematen er ikkje berre langsteikte lammelår med innfløkte tilbehør og feite sausar. Det kan også vere den enkle maten som blir med i sekken, og gjer turpausane litt hyggelegare. I dag lagar vi to sortar snurrar, dei er lette å pakke med seg, du kan lage dei med kaldheva deig som er sett kvelden i førvegen, så går det raskare om morgonen, og du får fersk bakst med ut på tur. Eg har laga to ulike variantar, ein med smør og ost, og ein med raud pesto med litt ekstra krydring. Ostesnurrane treng å få ordentleg med ost i seg, og gjerne av den smaksrike typen. Eg brukte manchego og morbiére, men du kan også bruke parmesan eller vellagra jarlsberg eller norvegia. Det går fint å blande ostetypar, og dette er ein fin måte å få brukt opp osterestar som ligg der triste og forlatt i plasten sin i kjøleskapet. Slik gjer du det: Tursnurrar (18 stk) 5 dl fingervarmt vatn (kaldt vatn om du vil kaldheve deigen) 4 ss olivenolje 1 ts tørrgjær 1 …

Årets siste rabarbraoppskrift – eg lovar.

Ja, eg veit eg har vore inne i ein rabarbrastim. Men eg har tilgang til mykje rabarbra i hagen her, og dessutan er det så godt. Og ikkje minst, alle rabarbrakaker og dessertar kan stort sett lagast med andre frukttyper og. Så oppskriftene kjem til nytte året rundt. Dagens dessert er ei deilig rabarbrakake. Mange seier at ein ikkje skal spise rabarbra etter jonsok, for den har for mykje oksalsyre. Men så lenge du er flink og et av rabarbraen din kan du trygt spise dei nye stilkane som veks opp. I denne kaka brukte eg kremost med vanilje som er laga for baking. Den er ferdig søta, og smaksett med vanilje. Du kan også bruke ein vanleg naturell kremost, då bør du tilsette tre-fire spiseskeier sukker og litt vaniljesukker i ostekremen. Krydderet kan sløyfast, viss du vil ha ein meir nøytral smak på kaka. Slik lagar du den: Rabarbrakake med ostekrem 150 g (ca. 2,5 dl) kveitemjøl 1,5 dl havregryn 1,5 dl brunt sukker 125 g smør ½ ts salt 1 ts kanel 1/2 …