All posts tagged: rabarbra

Deilig rabarbrakake


Äntligen, ropar svenskane, endeleg, ropar eg. No sprutar rabarbraen opp, og det er berre å spise med begge hendene. Lag syltetøy, pai, kompott, chutney og saft, du kjem til å angre til hausten når du har lyst på, men ikkje har. Orkar du ikkje, så plukk den likevel, kutt den i bitar og legg den i frysaren. Då kan du lage det du har lyst på seinare. Eg har ikkje så mykje, så eg tenkte eg skulle elge meg innpå naboen. Dei har ei svær tue som det ser ut som dei ikkje et så mykje av. Eg tenkte å gjenta suksessen eg har hatt før, be om å få plukke, i bytte mot eit par glas av noko av det eg lagar. Ingen kan vel seie nei til det? Det aller beste syns eg likevel er ei klassisk rabarbrakake. Denne er ein formkakevariant, som eg har bakt i randform, som eg så ofte gjer. Eg syns dei er lette å skjere av, og å presentere på fat. Du kan godt lage den i vanleg …

Den siste rababraen


I dag var eg ute og henta den siste rarbarbraen eg syns eg med godt samvit kan ete. Det er alltid vemodig, det er eit teikn på at forsommaren definitivt er over, og vi går inn i høgsommaren, som er så alt for kort. Rabarbraen er rik på oksalsyre, eit stoff som gjer at det kan bygge seg opp nyrestein i kroppen, og det vil ein jo helst ikkje ha. Eg har hatt det, og det er ekstremt smertefullt. Det einaste artige ved det var at både eg og bror min vart lagt inn på sjukehus same dag. Begge bedyra vi at ingen andre i familien hadde nyrestein, der vi låg og ynka oss kvar for seg. Oksalsyra aukar i mengde i rabarbraen etter kvart som sommaren vert varmare og vakrare, så etter jonsok sånn omtrent skal ein ikkje ete så mykje rabarbra. Så eg gjekk og henta inn det som var att på min. Det kokte eg eit aldeles deilig syltetøy av, som du også skal få oppskrifta på i dag. Desserten i dag …

Årets siste rabarbraoppskrift – eg lovar.


Ja, eg veit eg har vore inne i ein rabarbrastim. Men eg har tilgang til mykje rabarbra i hagen her, og dessutan er det så godt. Og ikkje minst, alle rabarbrakaker og dessertar kan stort sett lagast med andre frukttyper og. Så oppskriftene kjem til nytte året rundt. Dagens dessert er ei deilig rabarbrakake. Mange seier at ein ikkje skal spise rabarbra etter jonsok, for den har for mykje oksalsyre. Men så lenge du er flink og et av rabarbraen din kan du trygt spise dei nye stilkane som veks opp. I denne kaka brukte eg kremost med vanilje som er laga for baking. Den er ferdig søta, og smaksett med vanilje. Du kan også bruke ein vanleg naturell kremost, då bør du tilsette tre-fire spiseskeier sukker og litt vaniljesukker i ostekremen. Krydderet kan sløyfast, viss du vil ha ein meir nøytral smak på kaka. Slik lagar du den: Rabarbrakake med ostekrem 150 g (ca. 2,5 dl) kveitemjøl 1,5 dl havregryn 1,5 dl brunt sukker 125 g smør ½ ts salt 1 ts kanel 1/2 …

Appelsin- og rabarbracrumble med rømmekrem


Eg er alltid på leit etter gode rabarbraoppskrifter, og dette er ein vri som eg ikkje har prøvd før. Oppskrifta passar til ei lita paiform, og er nok dessert til ca. åtte personar. Her var utgangspunktet for oppskrifta at eg hadde noko marsipan liggande som burde bli spist opp. Og kva gjer ein med marsipan midt på sommaren? Ein puttar den i ein rabarbrapai! Heilt logisk, ikkje sant? (Ja, og så låg det to appelsiner på fruktfatet og vansmekta.)  Appelsin- og rabarbracrumble 300 g marsipan 100 g smør 3 dl havregryn 3 ss kveitemjøl Riv marsipanen på rivjern. Smuldre saman riven marsipan, kaldt smør, kveitemjøl og havregryn til ein smulete deig. 2 appelsiner 600 g rabarbra 2 dl sukker ½ ts kardemomme Skrell appelsinen med kniv. Kutt den i bitar, fjern hinner og midten. Rens rabarbraen, og kutt den i bitar. Bland saman alt til crumblen i ein bolle. Smuldre det saman til ein smulete deig. Ha appelsin, rabarbra, sukker og kardemomme i ei gryte, og kok det i tre-fire minutt. La det kolne litt. …

Rabarbrapai


Du får to rabarbrakaker på rappen denne helga, denne er ein klassisk pai, som eg aldri blir lei av. Den er også krydra, i dag har eg brukt kardemomme. Slik lagar du den: Rabarbrapai med kardemomme Paideig: 150 g mjøl 75 g smør 30 g sukker ½ dl vatn Topping: 1,5 dl havregryn, lettkokte 3 ss sukker 50 g smør 1 ts kardemomme Fyll: 700 g rabarbra 100 g sukker ½ ts kardemomme Set steikeomnen på 200 grader. Ha mjøl, sukker og smør i ei matmølle, og køyr det til ein smulete deig. Ha i vatnet, og la matmølla gå litt til, slik at deigen samlar seg om kniven. Form deigen til ein diskos, og legg den i kjøleskapet ein halvtimes tid. Ha ingrediensane til toppingen i matmølla, og køyr dei til ein grynete masse. Ha den over i ei skål og set den i kjøleskapet. Kjevle ut paideigen, og dekk ei 25 cm paiform med den. Kutt av det overflødige som heng ut over kantane, prikk botnen og legg nokre erter eller glassteinar i …

Ostekake med rabarbrakompott


Få ting varslar våren som feite, fine rabarbraknoppar som sprenger seg opp av jorda. Og no står den i si fulle prakt, hos meg har den til og med gjort seg klar til bløming. Det set eg ein stoppar for, eg kuttar vekk blomestenglane så snart eg ser dei. Eg vil ha flottast mogelege stilkar, eg vil ikkje at rabarbraen skal bruke krefter på å bløme. Rabarbra kan saftast, syltast eller brukast i chutney, men i dag skal du få oppskrift på ei ostekake som eg dekker med eit lok av rabarbrakompott. Rabarbra har ein tydeleg, syrleg smak. Det betyr at den kan godt kombinerast med feitare smakar som rømme, kremost eller smør. Den må sukrast godt, elles vert den utoleleg sur. Men den toler og godt å spele på lag med ulike krydder med varme smakar. I dag har eg kombinert rabarbraen med vanilje og kanel, begge passar godt til den syrlegfriske rabarbrasmaken. Når eg skal lage fine kaker med rabarbra brukar eg å plukke dei raudaste stilkane. Dei gir penast farge, og når …

Skattar i hagen


Når ein finn skattar i hagen må ein bruke dei. Spesielt når det er vårskattar, dei varer så kort. Ein slik skatt er rabarbra. Ja, eg veit at eg skreiv om rabarbra for berre nokre dagar sidan, men får ein nok gode rabarbraoppskrifter? Eg syns ikkje det, problemet med rabarbra er ofte å få brukt den opp før jonsok kjem og oksalsyra gjer at den vert dårleg mat. I dag lagar eg ein fin rabarbrapai. I tillegg til at den smakar fantastisk, er den glutenfri. Det gjer at den er fin å sette på festbord der glutenintolerante ofte slit med å finne noko til kaffien. Eg lagde den med flytande margarin, og dersom du brukar Euroshopper sin flytande margarin er den dermed også mjølkefri. Det er også fort gjort å lage den. Det vanskelegaste er å piske eggekvitene, og det får du vel til? Slik gjer du det: Rabarbrapai 8 dl/400 g skylt og hakka rabarbra 175 g sukker 100 g smør eller margarin 100 g mandlar 3 små egg Sett omnen på 175 grader. …

Er vi ferdige med rabarbra?


Nei, langt ifrå. Eg har iallfall masse igjen i hagen, og det er synd om den skulle kome vekk, altså stå så lenge at stilkane blir trevlete og seige, og smaken vert bitter og tørr. Difor får du to rabarbraoppskrifter til, på ei enkel og ei litt meir komplisert kake. Eg har leita lenge etter den optimale rabarbrakaka.  Det finst mange variantar, med og utan paiskal, med og utan marengs og nokre blir berre tørre og triste.  Det er synd, for rabarbraen er ein fantastisk smaksgjevar, men den sterke syra gjer at det er ein balansegang å lage ei god rabarbrakake. Her kjem oppskrift på to ulike, den eine er ein elegant pai med vaniljekrem og marengs, den andre kjem i kategorien ”lettvint”, med andre ord eggedosis og smelta smør, med frukta krydra og lagt rett i den mjuke og saftige kakerøra. Fest og kvardag, med andre ord, og det har ein jo bruk for! Eg tek den enkle først, så du ikkje misser motet: Enkel rabarbrakake 175 g sukker 3 egg 175 g mjøl …

Meir rabarbra – ein pai denne gongen


Når ein først har kome i siget med slike deilige vårvekstar som vi har i hagen no er det ikkje lett å stoppe. Eg er av den sorten som syns at for mykje av det gode er heilt fantastisk, han eg er gift med vil ha variasjon. Vi prøver å møtast på ein slags middelveg, men denne helga fekk eg viljen min; rabarbrasuppe med krem på fredag og rabarbrapai med vaniljeis på laurdag. Paien eg lagar i dag er ein smuldrepai, ikkje så ulik denne. Den er utan nøtter, og mjølkefri viss du brukar mjølkefri margarin, for eksempel Euroshopper flytande margarin, og droppar vaniljeisen. Kokosis er også veldig godt til, dei variantane eg har sett er mjølkefrie. Eg likar også å tenke at denne paien er ørlite sunnare, sidan eg brukar havregryn i mjølblandinga. Den inneheld iallfall ein god dose kostfiber, og det er vel bra? Denne paien kan også lagast med kvann, eg var lat og gadd ikkje gå ned trappene og hente, men har du kvann så putt ein neve finhakka i paien. …