Allergi, Billig mat, Fest, Kaker, Noko søtt, Pai, Veggis
Comments 6

Skattar i hagen


Når ein finn skattar i hagen må ein bruke dei. Spesielt når det er vårskattar, dei varer så kort.

Ein slik skatt er rabarbra. Ja, eg veit at eg skreiv om rabarbra for berre nokre dagar sidan, men får ein nok gode rabarbraoppskrifter? Eg syns ikkje det, problemet med rabarbra er ofte å få brukt den opp før jonsok kjem og oksalsyra gjer at den vert dårleg mat.

I dag lagar eg ein fin rabarbrapai. I tillegg til at den smakar fantastisk, er den glutenfri. Det gjer at den er fin å sette på festbord der glutenintolerante ofte slit med å finne noko til kaffien. Eg lagde den med flytande margarin, og dersom du brukar Euroshopper sin flytande margarin er den dermed også mjølkefri.

Det er også fort gjort å lage den. Det vanskelegaste er å piske eggekvitene, og det får du vel til? Slik gjer du det:

Rabarbrapai

8 dl/400 g skylt og hakka rabarbra

175 g sukker

100 g smør eller margarin

100 g mandlar

3 små egg

Sett omnen på 175 grader.

Ta fram ei paiform som du smører godt. Ha den finhakka rabarbraen i forma, og dryss over litt sukker. Ta unna litt av den raudaste rabarbraen til pynt, eg skjer den i tynne skiver og legg den i mønster oppå røra.

Skill to av egga, og ha to kviter for seg i ein stor bolle, og to plommer for seg i ei lita skål. Knekk det siste egget i den vesle skåla. Pisk eggekvitene stive med ei lita klype salt.

Mal mandlane til fint mandelmjøl i ei matmølle. Ha smelta/flytande smør og sukker i ein bolle, og pisk det fort saman. Ha i eggeplommene og det heile egget litt og litt. Når dette er godt blanda vender du inn mandelmjølet til det blir ei glatt røre. Vend til slutt inn dei stivpiska eggekvitene. Hell røra over rabarbraen, og pynt eventuelt med litt raud rabarbra viss du har.

Steik kaka i 30-35 minutt. Den skal vere ganske fast i midten når den er ferdig. Skjelv den, så la den få nokre minutt til. Server den med vaniljekesam, is eller piska krem.

6 Comments

  1. Hei. Dette såg ut til å vere ei fin oppskrift! Namnam! Skal jammen prøve. Har rabarbra i kolonihagen. No gjorde eg ende på alt og brukt opp. Men rabarbraen veks vel opp att?

    Det der med oksalsyra.. er ikkje det berre på deisom har stått heile tida, uplukka? Om ein høstar og det veks nye, har eg høyrt at det ikkje er så mykje oksalsyre i den at den er farlig? Har du hørt nokke om dette?

    Likar

  2. Dette så herlig ut! Rabarbra er en av mine favoritter. Ellers får man tak i mandelmel på helsekostbutikk, dersom man ikke har matmølle eller kvern (eller rett og slett er litt lat). Jeg har en plan om å teste det i makroner en av dagene.

    Likar

  3. Åh, det så godt ut! Men jeg har en god venninne som er kjempeallergisk mot nesten alt, inkludert hvete men også melk, soya, mandler og andre typer nøtter. Hvordan i all verden skal man lage smuldrepai/kake til en slik nøtt? Hittil har jeg laget pavlova når hun kommer på besøk, med krem på siden. Jeg lagde forresten rabarbrasyltetøy til å ha oppå pavlovaen sammen med bringebær og det var en hit.

    Likar

  4. Tilbakeping: Maikaker « Alt godt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s