Grønt
Comments 5

Kva er dette?


Denne veks mellom Akersgata 64/68 og Trefoldighetskyrkja her i Oslo. Den vesle parken er bygd opp av Høegh eiendom som ei gåve til byen etter at dei sette i stand bygget ved sidan av til Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Gjennom parken slynger det seg ein liten sykkelsti, som gjer at ein no kan sykle frå Fredensborg og ned til Akersgata utan å måtte nedom regjeringskvartalet eller opp til St. Sunniva.

Byråkratane i Arbeids- og velferdsdirektoratet et lunchen sin i sola i denne fine parken, heldige som dei er.

Den er lekkert beplanta med lilla iris, lavendel, praktmarikåpe og ein skog av desse lilla, leppeblomstplantene med aromatiske blad. Beklagar fotokvaliteten, Iphone har skulda. 😕

Men likevel, kjære allvitande hagefolk, kan eg få hjelp med identifiseringa?

This entry was posted in: Grønt

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Enig med Villrose!
    Veldig søt, og sjølsår seg villig. Lett å luke der den er uønska, så det er ikke noe problem.

    Likar

  2. Prydkattemynte, ja. Jeg anbefaler en god runde med saksa etter blomstring på denne – både for å redusere selvsådd, holde den tett og fin OG få både 2 og 3 blomstringer på en sesong.

    Likar

    • Nei – de er ikke så interesserte i denne – Det er nepeta nemorosa (ca 60 cm, ser ut som en brennesle med hvitre blomster) som er tingen… Kattene mine er nøye på forskjellen. 😀

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s