Billig mat, Fest, Kaker, Noko søtt, Pai, Veggis
Comment 1

Rabarbrapai

Du får to rabarbrakaker på rappen denne helga, denne er ein klassisk pai, som eg aldri blir lei av. Den er også krydra, i dag har eg brukt kardemomme. Slik lagar du den:

Rabarbrapai med kardemomme

Paideig:

150 g mjøl

75 g smør

30 g sukker

½ dl vatn

Topping:

1,5 dl havregryn, lettkokte

3 ss sukker

50 g smør

1 ts kardemomme

Fyll:

700 g rabarbra

100 g sukker

½ ts kardemomme

Set steikeomnen på 200 grader.

Ha mjøl, sukker og smør i ei matmølle, og køyr det til ein smulete deig. Ha i vatnet, og la matmølla gå litt til, slik at deigen samlar seg om kniven. Form deigen til ein diskos, og legg den i kjøleskapet ein halvtimes tid.

Ha ingrediensane til toppingen i matmølla, og køyr dei til ein grynete masse. Ha den over i ei skål og set den i kjøleskapet.

Kjevle ut paideigen, og dekk ei 25 cm paiform med den. Kutt av det overflødige som heng ut over kantane, prikk botnen og legg nokre erter eller glassteinar i forma for å halde botnen nede. Forsteik paiskalet lågt i omnen på 200 grader i 10 minutt.

Ha den oppkutta rabarbraen i forma, og dryss over sukker og kardemomme. Smuldre toppingen med fingrane, og fordel den over forma. Steik paien på 200 grader i 30 minutt. Server med piska krem eller vaniljeis.

1 Comment

  1. Denne var veldig enkel og god. Men vart litt våt. Det vil seia, det kom rett og slett eit lag med vatn frå den ferdigsteikte paien når eg skar han opp. Kanskje ein burde brukt ei eller anna form for geleringsmiddel her?

    Men det var uansett berre å fjerna vatnet, og sjølve paien var god både på smak og konsistens (var ikkje blaut).

Leave a Reply