All posts filed under: Iskaker

Den siste rababraen

I dag var eg ute og henta den siste rarbarbraen eg syns eg med godt samvit kan ete. Det er alltid vemodig, det er eit teikn på at forsommaren definitivt er over, og vi går inn i høgsommaren, som er så alt for kort. Rabarbraen er rik på oksalsyre, eit stoff som gjer at det kan bygge seg opp nyrestein i kroppen, og det vil ein jo helst ikkje ha. Eg har hatt det, og det er ekstremt smertefullt. Det einaste artige ved det var at både eg og bror min vart lagt inn på sjukehus same dag. Begge bedyra vi at ingen andre i familien hadde nyrestein, der vi låg og ynka oss kvar for seg. Oksalsyra aukar i mengde i rabarbraen etter kvart som sommaren vert varmare og vakrare, så etter jonsok sånn omtrent skal ein ikkje ete så mykje rabarbra. Så eg gjekk og henta inn det som var att på min. Det kokte eg eit aldeles deilig syltetøy av, som du også skal få oppskrifta på i dag. Desserten i dag …

Iskake med pistasjbotn

No står konfirmasjonane i kø, og kakeborda bugnar. Det frydar eit sunnmørshjarte å sjå eit vakkert og velfylt kakebord. Men kva står det på desse kakeborda? Dei som bakar har sine spesialitetar, den eine har alltid med suksessterte, den andre kvæfjordkake, den tredje er ekspert på bløtkake. Men har nokon spurt konfirmanten? Kva har konfirmanten lyst på? Alle har sine favorittar, så pass på å ta ein prat med den konfirmanten du skal bake til, og spør kva han eller ho likar best. Kakene eg kjem med oppskrift på dei næraste dagane er blitt til etter at eg har konferert med ungdommar i konfirmasjonsalderen rundt meg, og spurt kva deira favorittar er. Iskaka med pistasjbotn kom til fordi konfirmanten eigentleg berre ville ha is, han syntest ikkje det var så nøye med desse kakene. Og så lurte han på om det fantest appelsinis. Då komponerte eg denne kaka, og den fall i smak. Ein bonus er at den er glutenfri. Har du mjølkeallergikarar i huset kan du bytte ut appelsinisen med ein god sorbet. Eg …