No står konfirmasjonane i kø, og kakeborda bugnar. Det frydar eit sunnmørshjarte å sjå eit vakkert og velfylt kakebord.
Men kva står det på desse kakeborda? Dei som bakar har sine spesialitetar, den eine har alltid med suksessterte, den andre kvæfjordkake, den tredje er ekspert på bløtkake. Men har nokon spurt konfirmanten? Kva har konfirmanten lyst på? Alle har sine favorittar, så pass på å ta ein prat med den konfirmanten du skal bake til, og spør kva han eller ho likar best.
Kakene eg kjem med oppskrift på dei næraste dagane er blitt til etter at eg har konferert med ungdommar i konfirmasjonsalderen rundt meg, og spurt kva deira favorittar er. Iskaka med pistasjbotn kom til fordi konfirmanten eigentleg berre ville ha is, han syntest ikkje det var så nøye med desse kakene. Og så lurte han på om det fantest appelsinis. Då komponerte eg denne kaka, og den fall i smak.
Ein bonus er at den er glutenfri. Har du mjølkeallergikarar i huset kan du bytte ut appelsinisen med ein god sorbet. Eg trur til dømes den ville smake fantastisk med ein kokossorbet på.
4 eggekviter
150 g sukker
150 g pistasjnøtter, malte
1 ss maisennamjøl
1 ts bakepulver
Pisk eggekvitene stive med 2 ss sukker. Ha i resten av sukkeret litt etter litt, medan maskinen går. Sett opp farta, og pisk til marengsen vert stiv og blank.
Bland malte nøtter, maisenna og bakepulver saman, og vend blandinga inn i marengsen.
Legg botn i ei 24 cm rundform med laus botn. Klipp ein lang sirkel med bakepapir som du festar inni forma langs kanten. Hell i røra til botnen, og steik botnen midt i omnen på 180 grader i 35-40 minutt. Avkjøl botnen på rist utan å ta av forma.
Fyll:
4 eggeplommer
100 g sukker
6 dl fløte
½ plate kokesjokolade
3 dl appelsinjuice og skalet av ein appelsin
Vask appelsinen godt, og riv av berre det gule av skalet på eit fint rivjern. Press appelsinen. Får du ikkje 3 dl, så suppler med vanleg appelsinjuice. Kok appelsinjuicen inn til 1 dl. Pass godt på, det kan lett svi seg viss det kokar for mykje inn. Ha i skalet, og la det kolne.
Pisk eggeplommer og sukker til eggedosis. Pisk fløten stiv, og bland han inn i eggedosisen.
Hakk sjokoladen i små bitar. Vend det inn i fløtemassen saman med den innkokte appelsinjuicen.
Hell alt oppå den avkjølte kakebotnen. Dekk forma med plastfolie og sett i frysaren. Kaka kan takast ut etter 6-8 timar, men la den stå i kjøleskap i ein time før servering. Legg kaka på eit heilt flatt fat, det kan vere litt utfordrande å skjere den i stykke viss ikkje. Pynt med bær. Bruk ein skarp kniv, gjerne med sagtaggar, saman med kakespaden når du skjer opp kaka.
Denne kaka kan ein også jukse med. Den kjappe varianten er å lage botnen, og så la konfirmanten sin favorittis bli mjuk på kjøkkenbenken. Fyll ismassen i forma, og frys som over. Gjer du dette så treng du ikkje ta isen ut ein time før, kjøpeis er laga på ein slik måte at den ikkje treng å tine noko særleg før servering.
Kaka held seg i eit par veker i frysaren, så den kan lagast i god tid, og berre pyntast med bær rett før servering.
Hei, WOW —dette ser jo himmelsk ut… denne må jeg prøve ut…titt gjerne inn og vinn lunsj for 2 og glassblåsing ved Hadeland Glassverk 🙂 klem Siv 🙂