All posts tagged: konfirmasjon

Saftig sjokoladekake

Det nærmar seg helga, og då er det rom for kaker, iallfall hos meg. Og ei saftig sjokoladekake er aldri feil. Denne mørke sjokoladekaka er så enkel å lage, og så smakar den intenst sjokolade. Og det endå det ikkje er sjokolade i sjølve kaka, berre kakao. Den mørke sjokoladen får vere med i den lekre, glatte kremen som eg har fylt og dekt kaka med. Når du lagar denne kaka må du planlegge litt. Botnane må få kolne i forma, og dei må vere kalde før du legg kaka saman. Sjokoladekremen bør også få stå nokre timar, for at den skal vere god å jobbe med. Så lag kaka dagen før du skal servere den, er mitt beste råd. Du syns kanskje det er rart at kaka ikkje inneheld bakepulver, men det er altså ei tung, mektig sjokoladekake som eigentleg er meir som konfekt enn ei kake. Den vert heva med egga, som skal piskast til eggedosis. Og når kaka har kolna er den ikkje høg og luftig, men mørk og kompakt. Det er akkurat …

Glutenfri sjokoladekake

I dag har eg laga ei sjokoladekake med Rice Krispies. Den er både glutenfri og mjølkefri viss du brukar mjølkefri sjokolade, og droppar kremtopping. Til dei som toler mjølkeprotein men ikkje laktose kan du bruke laktosefri fløte. Oppskrifta liknar på dei klassiske risbollane som ein får servert til jul, men den er ein million gangar betre med Rice krispies, og ikkje minst litt salt i sjokoladeblandinga. Mmmm! Sjokoladekake med Rice Krispies 250 g delfiafeitt 200 g mørk sjokolade ¼ ts salt 1 egg 2 dl melis 1 l rice Krispies Til pynt: 3 dl kremfløte 2 ts ekte vaniljesukker 2 bananar 100 g hakka nøtter, t.d. peanøtter Smelt delfiafeittet på låg varme. Finhakk sjokoladen, og rør den i feittet. Sett til side så det får kolne litt. Pisk eggedosis av egg, melis og salt. Vend sjokoladeblandinga inn i eggedosisen medan du rører godt. Vend inn rice krispies. Legg eit bakepapir på ei steikeplate eller eit brett, og form sjokoladekaka slik du vil. Sett kaka kaldt til den stivnar. La den kome til romtemperatur før servering, elles …

Pekanpai

Pekanpai er ein av mine kakefavorittar, og ein fin variasjon på kakebordet. Pekannøtter får du i innvandrarbutikkar, ofte har helsekostbutikkar det, og elles er det mogeleg for dei store kjedene å skaffe det viss dei får beskjed litt tid i førevegen. Pekannøtter liknar på valnøtter, men har ein mildare og rundare smak. I denne paien blir dei nærast karamellisert, og blir knallgode. Å lage denne paien med valnøtter blir faktisk ikkje så godt, den intense valnøttsmaken vert litt overveldande. Viss du vil kan du ta unna dei penaste og heilaste pekannøttene, og legge dei i mønster oppå paifyllet til pynt.  Pekanpai 240 g mjøl 120 g smør 2 ts sukker Eit egg Set omnen på 180 grader. Ha mjølet i ei matmølle. Skjer det kalde smøret i terningar, og ha dei oppi mjølet. Ha i sukker, og køyr det heile til ein grynete masse. Knekk egget i ein kopp, og hell det i maskinen medan den går. La den gå til deigen samlar seg rundt kniven, det tek berre eit minutt. Stopp maskinen, og hell …

Iskake med pistasjbotn

No står konfirmasjonane i kø, og kakeborda bugnar. Det frydar eit sunnmørshjarte å sjå eit vakkert og velfylt kakebord. Men kva står det på desse kakeborda? Dei som bakar har sine spesialitetar, den eine har alltid med suksessterte, den andre kvæfjordkake, den tredje er ekspert på bløtkake. Men har nokon spurt konfirmanten? Kva har konfirmanten lyst på? Alle har sine favorittar, så pass på å ta ein prat med den konfirmanten du skal bake til, og spør kva han eller ho likar best. Kakene eg kjem med oppskrift på dei næraste dagane er blitt til etter at eg har konferert med ungdommar i konfirmasjonsalderen rundt meg, og spurt kva deira favorittar er. Iskaka med pistasjbotn kom til fordi konfirmanten eigentleg berre ville ha is, han syntest ikkje det var så nøye med desse kakene. Og så lurte han på om det fantest appelsinis. Då komponerte eg denne kaka, og den fall i smak. Ein bonus er at den er glutenfri. Har du mjølkeallergikarar i huset kan du bytte ut appelsinisen med ein god sorbet. Eg …