I dag var eg ute og henta den siste rarbarbraen eg syns eg med godt samvit kan ete.
Det er alltid vemodig, det er eit teikn på at forsommaren definitivt er over, og vi går inn i høgsommaren, som er så alt for kort. Rabarbraen er rik på oksalsyre, eit stoff som gjer at det kan bygge seg opp nyrestein i kroppen, og det vil ein jo helst ikkje ha. Eg har hatt det, og det er ekstremt smertefullt. Det einaste artige ved det var at både eg og bror min vart lagt inn på sjukehus same dag. Begge bedyra vi at ingen andre i familien hadde nyrestein, der vi låg og ynka oss kvar for seg.
Oksalsyra aukar i mengde i rabarbraen etter kvart som sommaren vert varmare og vakrare, så etter jonsok sånn omtrent skal ein ikkje ete så mykje rabarbra. Så eg gjekk og henta inn det som var att på min. Det kokte eg eit aldeles deilig syltetøy av, som du også skal få oppskrifta på i dag.
Desserten i dag er ei superenkel kake, nemleg rullekake. Rullekake er eigentleg eit sukkerbrød som er bakt tynt utover på høg temperatur, og så kan du rulle det saman med det du har lyst på av fyll. Ein klassikar er syltetøy, men du får den også med vaniljekrem, romkrem eller med is. Sidan eg tilfeldigvis sto og sylta rabarbra samtidig som ideen om rullekake kom til meg så tenkte eg at eg kunne slå to fluer i ein smekk. Då vart rullekaka fylt med rabarbrasyltetøy og is samtidig! Ein uslåeleg kombinasjon.
Pass på at kaka får 4-5 timar i frysaren før servering, elles rekk ikkje alt å stivne slik at ein kan skjere pene skiver til gjestane.
Rabarbrasyltetøy med lime og vanilje
2 kg rabarbrastilkar
2 dl vatn
1 kg sukker
1 pk syltepulver
2 ts ekte vaniljesukker
Safta av ein halv lime
Ha rabarbra, vatn, lime og vanilje i gryta, og kok opp. La det koke til rabarbraen er mør og mjuk. Ha i sukker blanda med syltepulver, og la det heile koke friskt i 1-2 minutt. Hell syltetøyet på nykokte, heilt reine glas, og skru på lokket med ein gong.
Rullekake med is og rabarbrasyltetøy
4 egg
180 g sukker
50 g kveitemjøl
75 g potetmjøl
1,5 ts bakepulver
1 liter vaniljeis, mjukna
4 dl rabarbrasyltetøy (eller anna syltetøy)
Sett steikeomnen på 250 grader.
Pisk stiv eggedosis av egg og sukker. Sikt saman mjøl, potetmjøl og bakepulver, og vend det inn i eggedosisen.
Legg bakepapir i ei langpanne, og fordel røra utover bakepapiret. Steik kaka på 250 grader i fem minutt. Legg eit nytt stykke bakepapir på bordet, og dryss på 2 ss sukker.
Ta kaka ut, og løft kaka ut av forma ved at du tek tak i hjørna på bakepapiret. Legg kaka oppå det sukra bakepapiret. Legg langpanna oppå, og la kaka kolne. Dra forsiktig av bakepapiret. Viss det ikkje løsnar, så pensle det først litt med kaldt vatn før du prøver på nytt. Fordel syltetøyet oppå kaka. Legg isen med skei ca. 15 cm innpå kaka i ei stripe. Ta tak i bakepapiret som du strødde sukker på, og rull kaka over isen. Fortsett å rulle ved hjelp av bakepapiret til du har kaka i ein fast rull.
Legg kaka i frysaren i fire-fem timar. Vert kaka liggande lenger (det kan den godt), så pakk den inn i plast. Ta den ut av frysaren ca. 10 minutt før servering. Server den pynta med ferske bær eller litt ekstra syltetøy.