Safting og sylting, Tilbehør, Veggis
Comment 1

Heimelaga sylteagurkar

Eg har sylta små agurkar heilt sidan studietida på hybel. Vi budde nær ein fin grønsakshandlar som fekk inn det meste, og då var vegen kort til å lage desse fine agurkane. Akkurat no og ein månad framover er dei i sesong, så då er det berre å kaste seg rundt.

Dersom du ikkje finn små agurkar i butikken, så be butikksjefen ta det inn. Det er utruleg enkelt å lage sylteagurkar, og det er ei eiga godkjensle ved å servere dei heimelaga. Sylteagurkar passar til roastbeef, leverpostei og andre patéar.

2 kg agurkar

2 liter vatn

200 g salt

Kok opp vatnet med salt. La det kolne. Prikk skalet på agurkane med ein spiss gaffel slik at saltlaken lettare trenger inn og gjev smak, og legg dei i laken i ei gryte. Legg ein tallerken oppå, slik at agurkane er under vatn. La dette stå over natta.

Eddiklake:

6 dl 7% eddik

8 dl vatn

400 g sukker

4 ts salt

6-8 dillkroner

2 ss sennepsfrø

1 ss heil kvit pepar

Kok opp alt til laken unntatt dillkronene. Hell saltvatnet av agurkane. Skyl dillkronene. Ha agurkane på romslege, nykokte glas vekselsvis med dillkronene, og slå på laken. Skru på loket, og la agurkane stå kjølig nokre dagar før du byrjar å bruke av dei. Desse agurkane held seg i eit halvt år viss dei vert oppbeva
rt mørkt og kjølig.

Foto: Gunda Marie Næss

1 Comment

  1. Pingback: Ukens matblogger: Gunda fra Alt godt

Leave a Reply