Mat, Middag, salat, Tilbehør
Leave a Comment

Bulghursalat med saltsylta sitronar

I dag har eg laga ein bulgursalat. Den er laga med bakte grønsaker, og ein ganske intens og smakfull krydring som gjer at dette vert eit tilbehør utanom det vanlege.

Ulempa er at du teknisk sett ikkje kan lage dette før om ein månad. Det er nemleg så lang tid det tek å lage saltsylta sitronar, som er ein viktig ingrediens i denne retten. Til gjengjeld har du saltsylta sitronar i årevis når du først lagar det, så eg kan ikkje anna enn å tilrå at du tek deg på tak og lagar eit stort glas fullt. Då har du ein aldeles magisk ingrediens i hus som løftar dei fleste middagsrettar til høgder du ikkje visste fantest.

Saltsylta sitronar er eit marokkansk fenomen. I Marokko er det standard tilbehør i ein klassisk tagine, denne gryta med geitekjøt og grønsaker som vert bakt i eit stort leirfat med pipe på som vert plassert på eit bål. Men eg brukar saltsylta sitronar i salatar, i dressingar, gryterettar og som her, i ein bulgursalat. Bortsett frå dei saltsylta sitronane er det persille, kvitløk og ingefær som gir smak til salaten. Her har eg brukt den søte, sylta ingefæren som du finn hos din lokale innvandrarbutikk, bruk den. Der finn du også mosa kvitløk på glas om du ikkje orkar å handtere kvitløken ved hjelp av naturmetoden.

Salaten er perfekt grilltilbehør, enten du grillar kjøt, fisk, gresk ost eller andre artige grillrettar.

Saltsylta sitronar

8-10 faste, fine sitronar

Grovt salt

Vask sitronane godt, og tørk dei. Skjer tuppane av sitronane, og del dei i båtar.

Legg eit lag salt nederst i eit romsleg glas. Press safta ut av sitronbåtane, og ha safta i saltet. Legg sitronskala oppå saltet. Fortsett lag på lag til du har brukt opp sitronane dine.

La glaset stå kaldt, snu på det av og til. Sitronane er ferdige etter ein månad.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bulgursalat med bakte grønsaker

200 g bulgur

4 dl vatn

1 ts timian

1 ts salt

1 bunt bladpersille

Ein sitron

Tre fedd kvitløk

2 ts finhakka sylta ingefær

2 ”båtar” saltsylta sitronar

1 ts salt

Ein fenikkel

Ein stor raud løk

Tre pastinakkar eller persillerøtter

2-3 dl olivenolje

Kok bulguren med vatn, timian og salt til den er mør, vanlegvis 8-10 minutt. Sett den til side.

Sett omnen på 220 grader. Rens persillen, og finhakk den. Fjern fruktkjøtet frå dei saltsylta sitronane, og finhakk skalet. Finhakk kvitløk og ingefær. Vask sitronen. Riv skalet av sitronen, og bland det med persille, saltsylta sitronskal, ingefær og kvitløk. Ha alt dette i ein stor bolle, og ha i oljen og saltet. Rør godt.

Rens løken og pastinakkane. Del løk, pastinakkar og fenikkel opp i passe store bitar. Vend grønsakene i persilleblandinga. Dekk ei eldfast form med bakepapir, og hell grønsakene oppi forma. Hell over det som er att i bollen av olje og krydder. Bak grønsakene i møre på 220 grader, i ca. 40-45 minutt.

Fordel bulguren på eit vidt fat. Ha dei omnsbakte grønsakene over, og hell over det som er att av olje og krydder i forma. Steik nokre gode pølser, og legg oppå grønsakene. Server det heile med ein god sennep.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Leave a Reply