All posts tagged: couscous

Brett ut og bøy heilt tilbake

Brett ut og bøy heilt tilbake. Ja, det sto på dei gamle mjølkekartongane, men i dag skal vi gjere det med ein heil kylling. Heil kylling er både god og billig mat, og ikkje minst er det bittelitt imponerande når gjestane kjem. Det ser flott ut, og det smakar veldig godt. Ein stor kylling er nok mat til fire, viss du har forrett og dessert. Får du gjestar, kan du fint brette ut to kyllingar i ei stor langpanne, og ha mat til åtte. Det fine med ein flat kylling er at den er lett å handtere, den veltar ikkje i panna, og den blir jamnt og fint steikt. Du slepp at brysta blir brunsvidde og tørre, medan låra framleis treng ein halvtime til. Kyllingen er raust krydra med chili og røykt paprika, du kan sjølv justere kor ”hot” du vil ha det med å justere chilimengda. I dag har eg lagt løk i langpanna, og så brukar eg øl som steikekraft. Eg er ikkje glad i øl åleine, men til kraft passar ein lys pilsnertype …

Couscoussalat med reker og avokado

I ferien er det fint med lat mat, slikt som smakar godt, og er lett å lage. For meg er reker sommarmat, men det treng ikkje vere dei små, ferske som ein får kjøpt på kaia. Eg  er like glad i grønlandsreker, dei er oftast store, saftige og ikkje minst fanga på ein berekraftig måte. I dag lagde eg ganske enkelt ein couscoussalat med reker. Couscous er nordafrikanske grove semulegryn som har lite eigensmak. Difor er dei takknemmelege å bruke, det er lett å putte masse smak saman med dei og resultatet er alltid vellukka. Det einaste du må huske på er å røre dei frå kvarandre med ein gong dei er ferdige. Let du dei stå og kose seg i gryta så sit dei som støypt saman, og så er moroa over. I salaten putta eg ein del grønsaker, og dei som eg ville ha møre la eg i kokevatnet til couscousen. På den måten vart grønsakene og gryna ferdige samtidig, og grønsakene fekk god smak av kokevatnet.  Slik gjorde eg det: Couscoussalat med …