Billig mat, Hvitt kjøtt: kylling og kalkun, Mat, Tilbehør
Leave a Comment

Brett ut og bøy heilt tilbake

Brett ut og bøy heilt tilbake. Ja, det sto på dei gamle mjølkekartongane, men i dag skal vi gjere det med ein heil kylling.

Heil kylling er både god og billig mat, og ikkje minst er det bittelitt imponerande når gjestane kjem. Det ser flott ut, og det smakar veldig godt. Ein stor kylling er nok mat til fire, viss du har forrett og dessert. Får du gjestar, kan du fint brette ut to kyllingar i ei stor langpanne, og ha mat til åtte.

_mg_3263-kopiDet fine med ein flat kylling er at den er lett å handtere, den veltar ikkje i panna, og den blir jamnt og fint steikt. Du slepp at brysta blir brunsvidde og tørre, medan låra framleis treng ein halvtime til. Kyllingen er raust krydra med chili og røykt paprika, du kan sjølv justere kor ”hot” du vil ha det med å justere chilimengda.

I dag har eg lagt løk i langpanna, og så brukar eg øl som steikekraft. Eg er ikkje glad i øl åleine, men til kraft passar ein lys pilsnertype heilt perfekt. Den gir litt sødme og litt bitterheit, og matchar godt løken. Alkoholen vil fordampe når forma står så lenge i omnen, men vil du ha det heilt alkoholfritt kan du bruke halvparten eplejuice og halvparten vatn i staden. Reduser i så fall litt på honningen.

Har du fleire grønsaker du vil bruke opp, passar det fint å ha persillerot, gulrøtter, paprika eller pastinakk i denne forma. Skrell dei og del dei i cm-tjukke skiver, og dytt dei godt ned i krafta.

_mg_3266-kopiTil kyllingen serverer eg ein marokkanskinspirert couscoussalat, og har du tidlegare blitt lokka utpå av meg til å lage saltsylta sitronar, så er dette plassen å bruke dei. (Har du ikkje, så kan du sløyfe dei i salaten.) Det er ein perfekt match med den litt sterke kyllingen, den milde salaten og dei små bitane med salt og syrleg sitron som plutseleg dukkar opp i munnen.

I couscoussalaten har eg brukt bladpersille og mynte, for det var det eg hadde for handa. Du kan bruke dei urtene du har, det meste smakar godt i ei slik blanding. Eg har brukt sar (pepparurt) tidlegare, timian og merian er veldig godt, og basilikum er også deilig i ein slik salat. Couscoussalat er så enkelt å lage at ein burde ha det mykje oftare. Det tek omtrent like mykje tid å lage som ein pose potetmos, og det smakar utruleg mykje betre.

_mg_3272Flat kylling steikt i øl

Ein kylling

Tre gule løk

Eit knippe bladpersille

1 ts chiliflak

1 ts røykt paprikapulver

Safta av ein halv sitron

Salt og peppar

Ei flaske (0,33) lyst øl, gjerne pils eller IPA

2 ts flytande honning

Sett steikeomnen på 200 grader.

Skrell løken, og del den i grove skiver. Ha dei i ei eldfast form. Grovhakk nokre kvistar bladpersille, og legg dei mellom løken.

Legg kyllingen med brystet ned på ei fjøl. Klipp ut ryggbeinet på kyllingen (motsett side av brysta), og legg det i forma. Fjern evnt anna feitt og slintrer på kyllingen, legg det og i forma, det gir kraft. Brett kyllingen ut, og press han flat. Legg han på løken, og press sitronsafta over og rundt kyllingen. Dryss på paprika, chiliflak, salt og peppar. Hell på ei flaske øl, og ha honningen i det våte.

Bak kyllingen på 200 grader i 60-70 minutt, til han er mør og fin, og løken er mjuk.

Couscousssalat

3 dl couscous

3 dl kokande vatn

1 ts salt

Safta av ein halv sitron

Skalet av to saltsylta sitronbåtar

Ein halv raud paprika, finhakka

Ein bunt bladpersille

Eit par stilkar mynte

Rens paprikaen for frø og stilkfeste, og finhakk den. Fjern dei grovaste stilkane av mynte og persille, og finhakk urteblada.

Ha couscousen i ein bolle saman med saltet. Press sitronsafta over, og slå på 3 dl kokande vatn. Dekk med ein tallerken, og la stå nokre minutt. Rør couscousen laus, og vend inn paprika og bladpersille. Fjern fruktkjøtet frå dei saltsylta sitronbåtane, og ha i ein bolle som du skal lage vinaigretten i. Finhakk skalet, og vend det inn i couscousen.

Grønn salat

Eit lite salathovud

Eit syrleg eple

Ein avokado

Ein stor tomat

Vinaigrette:

Innmaten av to båtar saltsylta sitronar

½ dl olivenolje

½ dl sherryeddik

½ ts urtesalt

1 ts honning

Ha alt i ein bolle, og køyr det glatt med stavmiksar.

Del opp salatblada slik du vil ha dei, og vend inn litt vinaigrette. Del avokadoen, fjern steinen og skrap ut kjøtet med ei skei og ha det rett i bollen. Del opp tomaten og eplet, eplet bør kuttast i små terningar. Fordel opp i salaten, og hell på litt meir vinaigrette til slutt.

Leave a Reply