Eg har skrive om Joni Mitchell tidlegare, og ho er ein av mine musikalske favorittar. Both sides now er ein del av arven min, den har alltid vore der, i sangbøker, på radioen og på plate.
Den fekk ein oppsving i Love Actually, der Alan Rickman gir Emma Thompson ein cd med Joni Mitchell der ho syng Both sides now. Emma Thompson har sett han kjøpe eit halssmykke, og forstår plutseleg at det er ei som i hans hjarte fortener halssmykket meir.
Opptaket her er frå ein hyllingskonsert i 2000, der mange artistar framførte Joni Mitchell sin musikk. Dette er avsluttinga av konserten. Joni har lagt sangen ned ein kvart, men den er endå meir rørande enn slik ho sang den tidleg på syttitalet. Dette er levd liv.