Billig mat, Mat, Middag, Tilbehør, Veggis
Comments 4

Bakte jordskokkar


Eg eksperimenterer vidare med jordskokk, etter suksessen med jordskokksuppe her for ei stund sidan. Av dei erfaringane eg har gjort meg er at koketida varierer frå skokk til skokk, så og seie. Eg kan ha to jordskokkar av same storleik og plukka på same stad, den eine er mør etter 20 minutts koking, den andre er framleis hard etter 35. 

Den beste løysinga på dette problemet er etter mitt syn å bake jordskokkane i staden for å koke dei. Eg handterer dei omtrent som båtpoteter, men delar dei litt grovare og mindre systematisk opp, mest fordi skokkane varierer slik i form og storleik.

IMG_6394Jordskokkane vart vende i krydder og olje, og lagt i ei langpanne med bakepapir under. Dette bakepapiret sparer mykje vasking. Slike langpanner vert alltid ståande til godt etter middag, og reingjeringa er mykje enklare med bakepapir i botnen enn utan. IMG_6396

Krydder-samansetjinga kan du variere etter smak og behag, det eg gjer her er berre eit forslag. Likevel er det nokre råd eg kan gje. Estragon passar ikkje så godt til jordskokk, den har ein litt emmen smak som kolliderer med smaken på jordskokkane. Dill er heller ikkje ein fulltreffar. Men alle provence-aktige krydder, som oregano, timian, merian og rosmarin går fint. Eg likar å ha i paprikapulver for fargen sin del, bytt den gjerne ut med chili viss du vil ha skokkane «hotte».

Desse skokkane er eit perfekt tilbehør til både fiske- og kjøtrettar. Dei kan også brukast som eit tilbehør til ein vegetarisk middag, og eg har brukt kolna bakte jordskokkar i salat. Det smakte kjempegodt. Slik gjorde eg det:

IMG_6401Bakte jordskokkar

800 g rensa og skrelte jordskokkar

1/2 dl olivenolje

2 ts salt

1/2-1 ts peppar

2 ts timian

1 ts oregano

1 ss paprikapulver

Set steikeomnen på 210 grader. Ha skokkane i ein romsleg bolle. Slå over oljen, og ha på kryddera. Vend skokkane rundt i bollen, slik at dei har fått olje og krydder over heile seg. Den skikkeleg rampete følelsen får du viss du har steikt bacon tidlegare, og har teke vare på baconfeittet. Bytt ut olivenoljen heilt eller delvis med baconfeitt. Mmmm…

Legg bakepapir i ei langpanne, og hell skokkane oppi. Legg aluminiumsfolie over forma den første halvtimen. Det sikrar at skokkane vert skikkeleg gjennomfukta, og du unngår ei tørr overflate. Ta av folien etter 30 minutt, og vend rundt på skokkane. La dei få bake i 20-30 minutt til, til dei er møre.

 

 

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Middag, Tilbehør, Veggis

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Ah, du er ein knupp 🙂 Eg fekk for nokre veker sidan tre «skokkar» som nå står og spirer i ei potte på balkongen. Eg har planar om å ha mange fleire når vi endeleg får oss hus og hage. Jordskokk er veldig bra for blodsukkeret, og dermed eit svært godt alternativt til poteta. Eg er ikkje van med jordskokkar, så er glad for gode tips om denne knollen. Vi er glade i potetbåtar i vår familie, så denne varianten må eg prøve!

    Eg har også forstått det at jordskokkar veks nesten som ugras og kan ta over heile hagen. Er dei først planta, så blir du aldri kvitt dei. Om ein kan dra nytte av dei på denne måten er det vel ikkje noko problem ? 😀

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s